Krig og fred og sånn

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# The international student festival in Trondheim

# Voices of tomorrow

# Tapir akademisk forlag

Studentar frå konfliktområde fortel eigne historier. Kombinert med store ord frå leiande norske politikarar og forskarar, blir fallhøgda stor og uunngåeleg. Felles for alle tekstane skrivne av studentar, er at dei seier mykje om politiske hendingar og personlege opplevingar, men forsvinnande lite om kva rolle studentar skal spela. Kva kan studentar, i kraft av å vera nettopp det, utrette, som ingen andre kan?

Nyare historie fortel om studentopprør over heile verda. Men kvifor, korleis og kva er ulikskapane og skilnadene? Ingen av dei velskulerte og engasjerte er i nærleiken av å ha eit svar på dette. Det blir også i overkant med tårevåte historier som framkallar sympati, avmakt og dårleg samvit hos ein rik og bortskjemt norsk student. Filosofien bak studentsolidaritet har tidlegare vore å unngå nettopp denne innfallsvinkelen, men heller løfte fram ressursane og mulegheitene alle studentar representerer uansett livssituasjon.

Det er i og for seg spennande korleis palestinske og israelske studentar kan sjå ei og same konflikt så fundamentalt ulikt. Men når ein etablert politikar som Erik Solheim endar opp med å vera den som har mest fornuftig å seia om kor eineståande studentengasjement er, kan ein ikkje seia at dette er ei vellukka utgjeving.

Powered by Labrador CMS