Meisterleg langsamt: Du vert som publikumar tvinga inn i skjebnane som blir spelt framfor deg, vekk frå den moderne, kjappe verda utanfor, skriv vår anmeldar om _Fuglane_.

Langsamteater med glans

Fuglane er nesten fire timar treig og hjarteskjerande. Vesaas si djuptpløyande relasjonsskildring skin fram i sterke skodespelarprestasjonar.

Publisert Sist oppdatert

Fuglane

  • Av: Tarjei Vesaas
  • Hvor: Det norske teatret
  • Regi: Luk Perceval

– Litt over tre timar med to pausar, vert det ropt når eg går inn i salen.

Langsamteater skal vise seg å verte eit stikkord for førestillinga. Før premieren har det ikkje vore noko informasjon å finne om lengden på oppsetjinga. Det kan verke som stykket har vorte eksperimentert med heilt fram til premieren.

Det er 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd, og kulturinstitusjonane i landet feirar med foredrag, arrangement og oppsetjingar. Det Norske Teatret (DNT) opna Vesaas-året med premiere på Fuglane. Romanen kom ut i 1957, og vart eit av hovudverka til forfattaren, samt ein bauta av ein klassikar i norsk litteraturhistorie.

Ifølgje talen på nynorskteatret før premierevisninga, var Vesaas «Ulykkeleg forelska i teatret». Han prøvde fleire gongar å skrive til Det Norske Teatret, men tekstane lot seg ikkje omsetje til scena. Men i 1997, førre gong DNT satt opp Fuglane som skodespel, vart oppsetjinga rost og skrive inn i den norske teaterhistoria, med Nils Sletta som dramatikar og i hovudrolla som Mattis. Det er med andre ord tøft å følgje opp, men regissør Luk Perceval, som har dramatisert Jon Fosse tidlegare, tør prøve seg.

Stykket byrjar, og ei sliten kvinne - systera til Mattis, Hege, spela av Gjertrud Jynge – vandrar over scenen. Scenografien er enkel med hengande, kvite, treforma stoffbitar, men ikkje mindre stemningsfull for det. Mattis, spelt av Christian Ruud Kallum, gjer sin entré, og ein forvirrande samtale mellom dei to byrjar, som skal også prege heile stykket.

Les også: «Dickt» om livet, begjær og indre kaos

Hege er sintare, meir brå enn eg hugsar ho frå romanen. Mattis er forvirra, ivrig og lettskremd. Eit uvanleg lågt tempo gjer at publikum anten vert utolmodig eller pressa inn i ein slags fortrylla overtyding. For meg vert det det siste. Ruud Kallum er imponerande truverdig i rolla som Mattis, og drar meg inn i universet til Vesaas, der alt er underleg og menneska sine kjensler og ubehag vert blotta ut i vakre metaforar.

Jynge drar ned stemninga og opp kvaliteten med si trøytte, jordnære tolking av Hege. Der Mattis høyrer til draumane, høyrer Hege til kvardagen. Deira dynamikk, der Hege tar seg av Mattis, bryr seg om han, men er einsam og saknar eit større fellesskap er både brutal og hjertevarmande hos Vesaas. Dette er godt ivaretatt i oppsetjinga.

Det blir leika med tempo, og det for det meste langsame spelet vert til tider komplimentert med hurtige, aktive og energiske scener. Her gjer birolleskodespelarane eit dyktig verk. Særleg Gina Bernhoft Gørvell og Stine Elverhøi Johnsen, som symjejentene Anne og Inger som Mattis møter på rotur, gjev ein god gamaldags comic relief med eit sjarmerande og humoristisk show.

So vert det alvor igjen. Fuglane er eit psykologisk meisterverk, med tragiske tema. Mot slutten vert det meir og meir tydeleg at ein har komme til ein tolmodsprøve av eit langsamteater. Slow motion og tause blikk løfter fram det dramatiske og tragiske i historia. Du vert som publikumar tvinga inn i skjebnane som blir spelt framfor deg, vekk frå den moderne, kjappe verda utanfor.

I siste scene balanserer Mattis ei lang metallstang på skuldrane sine, mens han så sakte som mogleg beveger seg framover på scena. Den indre kampen til Mattis speler seg fysisk og meisterleg ut foran meg. Når stykket omsider er over, er det tre timar og 40 minutter siden det byrja. DNT har fått meg til å sitje stille mykje lenger enn eg hadde sett meg fore, men eg er ikkje snurt. Eg er takksam for reisa inn i det treige, vonde og rørande Vesaas-universet.

Les også: Villskudd-debut: 20 år på utsiden, 60 år på innsiden

Powered by Labrador CMS