
Lett om dei store kjenslene
I diktsamlinga Ikke noe av dette står om livet skildrar debutant Hege Susanne Bergan kjærleiken mellom ei ung kvinne og ein eldre mann. Temaet kan verke noko klisjéaktig i ei debutantbok. Det er det for så vidt og, likevel har dikta eit sterkt uttrykk. Bergan greier å skildre frustrasjonen, nærleiken, avstanden og spenninga med få, men vakre ord. Skrivestilen speglar temaet ho tek opp: Kjærleik. Det er enkelt, samtidig så komplisert.
På første side seier hovudpersonen at kvar gong ho går ut trur ho at ho ikkje skal kome heim att. Og at det er vanskeligere å bli borte enn jeg tror. Tvila ho sår om kva ho eigentleg vil, følgjer med gjennom heile boka. Ho utleverar seg sjølv og skildrar seg som avkledd, likevel får ein aldri tak på ho. Kva vil ho eigentleg? Ho er sart og svak i møtet med sin eldre elskar, men skildrar kjenslene sine rått og nådelaust.
Likevel når ho ikkje så høgt og djupt som ho vil. Bergan prøver å sei for mykje med for få ord. Skal ein ha med alvorlige tema som depresjon og angst, må ein handtere dei skikkeleg. Det blir litt mange hint, litt mange henvisingar, utan at det vert teke vidare tak i. Det vert ei skisse av eit forhold, men aldri djupare. Tema er seriøse, men handtert så lett, forsvinn noko av tyngda som kunne ha vore der. Det kunne ha stått om livet, men får aldri lov.