
Magisk og fortryllande
Sjå Peter Pan og finn att barnet i deg sjølv. Det fortener du.
Frå Peter Pan flyr inn på scena med glitterstøv i henda, har han publikum i si hòle hand. Alt rundt forsvinn, og vi er forheksa av den vesle guten som ikkje vil verte vaksen. Han flyg rundt i rommet som han aldri før har gjort noko anna, og dreg oss alle med til Aldriland. Ungane i salen hyler av begeistring, og greier knapt å sitje i stolane sine.
Det norske teateret sin produksjon av Peter Pan er gjennomført og vakker. Scenografien er enkel, likevel så verknadsfull. Fine, naturlege sceneskift gjer at stykket heile tida glir vidare, og losjer seg til slutt trygt i hamn. Overgongen frå barnerom til Aldriland til sjørøvarskipet går leikande lett. Flyscenene er fascinerande og får meg til å ønske eg óg kunne fly berre eg tenker lukkelege tankar. Leiken koreografi, underhaldande songar og gode skodespelarar løftar stykket endå høgare opp. Dei to timane det varar flyg av garde, og før ein veit ordet av det må ein reise heim att frå Aldriland.
Frank Kjosås i hovudrolla er eit av mange høgdepunkt. Han er Peter Pan der han flyg over scena galant og akrobatisk. Han lukkast syne dei naive og godtruande sidene hans, og såleis Peter Pan sin sanne natur. Han er den einaste guten som aldri vert vaksen. Han er barnet i oss alle. Eit anna høgdepunkt er Mari Haugen Smistad i rollene som Fjong, Nana og Tigerlilje. Ho har ein kroppskontroll og mimikk, som bær dei ulike rollene imponerande flott. Fjong og dei andre tapte gutane er samspela og fantastisk festlige, der dei dansar og spreller seg gjennom stykket. Der er mange andre enkeltprestasjonar som óg kan trekkjast fram. Felles for dei er at dei saman syr stykket ihop og gjev det den tyngda eit slikt meisterverk fortener.
Det einaste i stykket som var skuffande, var piratane. Nokre av dei såg ut som dei berre tilfeldigvis hadde ramla inn på scena, og ikkje visste heilt kva dei gjorde der. Heldigvis hadde dei Sigve Bøe og Svein Roger Karlsen som Smisk og Kaptein James Krok. Dei løfta piratstanden ut av passiviteten, og imponerte med herlig samspel og dumskap berre piratar verdig.
Då teppet gjekk ned, var eg skuffa. Ikkje grunna stykket, men fordi det var slutt. Eg ville berre vere att der. Eg ville ikkje reise frå Aldriland.