
Melankolsk støy
Nokon slit med å få inn frekvensen. Og det ganske lenge. Irriterande lenge. Til slutt kjem da likevel det vi ventar på, og med strofer som I guess it’s all over now- how can you do this every time går det i retning av noko som deler sjanger med band som Coldplay og Keane.
Dette hadde ikkje trengt å bli så ille, for melodiane tenderer til å vera både vakre og velspelte. Men kva er alt det fryktelege levenet innimellom? Kva er det som bråkar så infernalsk at taket ristar og fillerya knyter seg sjølv seg under føtene på meg? Det er stressande, det er irriterande og yter ikkje rettferd eingong til lurvete studenthybelhøgttalarar.
Det er kanskje ikkje meininga at lyttaren skal kjenne seg som eit meir harmonisk menneske etter å ha høyrt gjennom denne skiva. For plata er vitterleg gitt ut på We hate records, og bandet kallar seg sjølv noko så innbydande som Sally Suicide. Men vreden skulle vel kanskje rette seg med og ikkje mot musikken?
Alt i alt kunne vi hatt eit godt utgangspunkt her. Men dersom ein vil lage melankolsk rock til folket må dorull-lydane vekk, og dersom ein vil skape kollektiv harnisk, må lydbiletet skilje seg litt meir frå eit dragrace enn det som er tilfellet i dag. Om det ikkje skjer, er vi berre vitne til eit høglydt musikalsk sjølvmord.