På høgt nivå

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Alexia Bohwim

# Frognerfitter

# Kagge forlag

Det er mykje vi ikkje veit om livet. Det finst også eitt og anna vi ikkje veit om Oslo, eller kanskje ikkje vil vite. I debutromanen til Alexia Bohwim blir desse tinga likevel ikkje til å unngå. Handlinga tek for alvor sats i det to unge frøkner på Frogner blir tenåringar, og ingen har overskot til å setja grenser. «Prinsippene til FF var enkle: Pul på første date. Ingen vits å leke kostbar. Ikke vær nøye med hvem du ligger med.»

Boka handlar om konstant festing og sjekking, men er ikkje veldig spennande. I likskap med å lesa ei lokalavis, blir dei største adrenalinkicka utløyst når ein får vite kven som har døydd. Frognerfitter er ærlege og kalde skildringar, men ikkje så brutal at det blir absurd eller uforståeleg. Forfattaren viser skremmande godt kor kvardagsleg det kan bli å vera på kjøret. «Noen prøvde å dope meg. I dag igjen. Bånnski.»

Det går an å spørja om det er vellukka å gi alle kapitla namn etter DeLillos-låter, eller om den ekstremt sparsame bruken av litterære bilete er heldig. Men det får passere. Frognerfitter blir, trass små lyter, ei forteljing som strekk seg litt lenger enn til eit villastrøk i Oslo. Historia er ein flik av den evige kontrasten mellom fasaden og innsiden av eit menneske, og det er dødskult at nokon tør vise han fram.

Powered by Labrador CMS