
På leit etter pappa
Ove Kvamme har funne att den gamle bestekompisen Åge på Facebook, og får bu i kjellaren hans heime på øya dei kjem frå. Ove har ikkje vore der sidan han var ni, då systera døydde og faren vart fengsla for drapet. No er han attende for å finne ut kva som skjedde den gongen, og for å finne att faren. Med ein nyinnkjøpt GPS i handa, kartlegg han det gamle livet sitt, og prøver å finne ei framtid han kan kjenne seg heime i.
Det er inga tvil om at Styve har lest Erlend Loe. Ove sin fascinasjon for det nye GPS-apparatet sitt, og den nesten-ihjelkøyrde katten han køyrer rundt med i framsetet, er som tatt ut av L eller Doppler. Problemet er at det i Eg, Ove Kvamme ikkje greier å gjere historia på same viset. Dei vert morosame små dingsar, men ikkje meir enn det. Historia er både vakker og trist, men tapar litt på den til dels absurde karakterskildringa av Ove. I det han når oppgjeret med ein barndom han ikkje hugsar mykje frå, men som han leitar slik etter, verkar han mest som ein karikatur. Langt vekke frå det som verkeleg skjer. Eg saknar nærleiken som er der elles i boka.
Likevel har Eg, Ove Kvamme eit driv. Det er ikkje til å kome unna. Ho grip ei nerve i lesaren og held han fast. Styve tek uredd ein kjepp og rører saman eit kaos av kjensler og personar, som gjer debutboka til ei reise du har lyst å vere med på.