
Pulesirkus
Når ein heterofil mannsgris slår tilbake, må sjølv den mest militante lesba melde pass.
«Har du noen gang drukket musserende vin fra en kvinnes anus? Med sugerør.» Med desse orda i øyret kjem den unge og særs virile Robin til eit vendepunkt. Etter å ha lagt ned godt og vel hundre kvinner, begynner livet å få eit nytt perspektiv. «Jeg utviklet allergi mot kjønnsmarkedet. Hvem sa at det er ok at kvinnene bestemmer alt?»
Robin bestemmer seg for å bli ein del av verdas raskast veksande seksuelle minoritet; lesbiske menn. Vekk frå kone og barn reiser han til den greske øya Lesbos for å leva ut den nye legninga si. Det han omtalar som «apesirkuset» mellom kvinner og menn blir bytt ut med ei lang samanhengande framsyning av eit biseksuelt eksperiment.
Lesaren blir, kvalmande nok, aldri spara for detaljane. «Jeg lot Seb komme i munnen min, og jeg svelget. Det minnet om gastromat og passet dårlig med chilensk rødvin.» Ein kunne også inderleg ønske at skildringa av fylleavføring i saltvatn slutta, og ikkje starta, med «gult og varmt mellom beina».
Lesbisk nigger er ei speglvendt historie om kjønnsmakt, og er på sin perverse måte fascinerande. Heterofili blir til avvik og feminisme til rasisme. «De hatet at jeg brukte nigger-ordet, men det satte ting i perspektiv og sa noe om hvor forkastelig mannesyn kvinner tillater seg.(…)Det er også en grunn til at menn er slik kvinner foraktelig beskylder oss for å være.»
Å lese denne boka er tidvis som å gå til undersøking hos gynekologen. Utleverande, nakent og kaldt. Ikkje på den flaue måten, men i staden fysisk pinefullt og dessutan så absurd ubehageleg at latter blir den einaste adekvate måten å reagere på. Likevel, når du er ferdig er du er glad for å ha gjort det, du ser tilbake og skjønar at det var ei meining med det heile.
Lesbisk nigger blir rett nok i lengste laget. Vi kunne vel klart oss med hundre sider mindre om sleiking, runking, suging og fyll. Men som kjent er det ikkje alltid storleiken det står på, iallfall ikkje dersom vi kan oppnå ei viss tilfredsstilling. Faktum er at bak all den lausslepne, kjønnspenetrerande aktiviteten i samfunnet vårt står ulukkelege, frustrerte menneske som lurer på om livet eigentleg er verd å leva. Mads Larsen reiser temaet på ein sjeldan galant måte, og vi har forpult godt av å ta det inn over oss.