Skampletten

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Universitetet i Oslo

# Grøntområdene

# 23. mai 2010

parkliv

Det første som slår meg i vandringa rundt i Blinderns grøntområde er: Jaggu, så mykje finare det er på nedre Blindern.

Plenen bak Det humanistiske fakultet (HF) ser meir ut som eit lappeteppe av jordflekkar og ugras, enn ein faktisk park. Ein finn ugras som til dømes løvetann, groblad og brennenesle, påstrødd med litt sneipar, gamle engangsgrillar (heile seks stykk er identifisert) og tomflasker. Fysj! Plenen ser ut som eit mineområde.

I tillegg til alt rusk og rot verkar det som om plantinga av ulike buskar og blomar har skjedd fullstendig vilkårleg. Til dømes finn ein klasar av tulipanar med ein dæsj av påskeliljer fint planta inne i hekken ved SiO-barnehagen. Det er helt klart at her manglar det ein overordna plan. Det er stor kontrast til det minimalistiske og tilsynelatande planlagde grøntarealet ein finn ved Universitetsbiblioteket, Villa Eika og Fysikkbygningen, der dei «harde» faga (som skaffar deg jobb, journ.anm.) vert studert. Etter å ha kravla rundt i jord og søppel rundt HF på øvre Blindern, er inntrykket begredelig. Det er kanskje til pass for dei rufsete og uflidde humanistane, som sikkert trivst best med diverse ugras uansett. Det skal dog seiast at eg er glad vi har grøntareale i det heile. Ikkje fjern det, ver så snill.

Powered by Labrador CMS