
Skapar verda om seg
Ei diktsamling som sprenger formatet og byggjer ei ny verd.
Gunnar Wærness sine dikt er ikkje berre dikt. Det er heile collagar av teikningar, bilete og ord som vert til teikneseriar. Orda snirklar seg rundt på sida. Flyg høgt og grev seg ned. Nokre greier presse seg opp frå jorda. Nokre kjem frå fuglar. Andre frå barn. Det er vakkert, leikent og gjev deg noko å tyggje på. Samlinga kan lesast som ein parallell til Wærness si førre samling Hverandres frå 2006, eller aleine. Uansett er der umogleg å ikkje late seg begeistre.
Alt frå tittelen av dreg Wærness oss inn i skapingssoga. Dikta og teikningane byggjer opp ei verd rundt seg. Han tek tak i korleis vi skapar samfunnet rundt oss med namn, ord og tolking. Om korleis det må vere å komme inn i denne verda som eit lite barn og ikkje kjenne alle sanningane. Dei sanningane som berre er bestemd at er sanne, og som ein må ha nye auge for å kunne stille spørsmål ved.
Det kom et barn ut av skogen/ og det sa «barn»/ vi spurte hvor det kom fra/ og det sa «barn»/ Vi spurte «enn faren din»/ og vi spurte «enn moren din»/ og barnet svarte «barn-barn»/ vi ga det et eple/ og det kikket på eplet/ det sa «eple»/ vi ga det en pære/ og det smakte på pæren/ det sa «eple»/ vi ga det en plomme/ og det bet i plommen/ og sa «eple»/ og så/ spiste det eplet/ pæren/ og plommen/ og pekte på steinen/ og spyttet ut steinen/ og sa «barn.»
Wærness greier å syne potensialet i det vi skapar, potensialet som ligg i verda. Korleis alt kan vere alt om vi ikkje let det fryse fast i stive rammer. Kva det er som skil oss frå kvarandre. Wærness har på eit finurlig vis løyst spørsmåla i samfunnet, og serverer dei til oss på eit delikat lite sølvfat. Det fell så naturleg. Dikta og teikneseriane fyller og framhevar kvarandre. Wærness sine grep forsterkar uttrykket og gjer at ein nesten kjenner lyder og luktar av sidene i Bli verden òg.
Dikta er enkle, samtidig djupe. Språket vekslar mellom norsk og engelsk, og understrekar kva verknad språket har i korleis vi tolkar verda om oss. Teikningane er styggvakre, og med eit tidvis dystert drag over seg. Symbolikken i både bilete og tekst er sterk, og let deg stupe langt ned i ei verd som pressar seg mot overflata. Resultatet er ei varm og fin diktsamling ein ikkje gløymer så lett.
Wærness skriv ikkje berre dikt, han skapar heile kunstverk.