
Slik livet er
Først blir ein fødd. Så viklar tusenvis av trådar seg inn i livet, og ein må prøve å gjera det beste ut av det. Gode, milde og langsame kjensler må ein ofte sjå langt etter. Har du nokon gong blitt forlata?
Ok, som så mykje anna, handlar dette om den store kjærleiken. Men ikkje på den måten. Ikkje på den irriterande måten som gjer at du blir grenselaus kvalm, fordi du nok ein gong blir servert den eldgamle historia. Først blir man jo født ber imponerande lite preg av utslitne ord og klam stemning, men er i staden frigjerande daglegdags.
Karakterane et hermetikk, går i basketsko og pratar rogalandsdialekt. Dei bur i hop med skrullete folk, og drøymer om å reise langt vekk. Og så er det dette eine store. Som ingen av dei kan fri seg heilt frå, men stadig må engasjere seg i. Ein kan søke tilflukt i overpertentleg reinhald, eller ekstrem frustrasjon over eit bord som berre har tre bein. Men så forsvinn det ikkje likevel. Pokker.
Ein elskar, men så elskar ein ikkje likevel, og da må ein slå opp, men det skjønnar ikkje den ein skal slå opp med. Og ingen skjønar iallfall at det er muleg å bli sjalu etterpå. Og om det er ein ting som er vanskelegare enn å gjera det slutt, så er det å koma i gang. For folk ser som oftast ikkje verda for berre trådar. Men dersom ein ikkje kan vera kjær, så kan ein vel i det minste vera stær?
Dette er så samtidig og sant at den som sit i salen blir ille til mote opp til fleire gonger under førestillinga. For det er jo akkurat slik det er! Og menneska er akkurat slik vi sjølve er. Rett nok handlar historia om seks ganske ulike sjeler, men det er lett å kjenne seg att i alle. Både hysterikaren, superdusten, den alltid forvirra, den latterlege romantikaren og den herskesjuke storesystera har bustad i dei aller fleste av oss.
Stykket er tydeleg innlevd og veldramatisert. Her kan ein le så tårene trillar minst ein gong i minuttet, og samstundes bli djupt ettertenksam. Dette er ikkje eit eventyr frå ein stad langt borte, eller eit mystisk og gåtefullt drama. Men det er nettopp det som er så fint. Først blir man jo født går rett inn i livet, akkurat slik det er.