
Sosialpornografi
Søskenforsking er i utgangspunktet interessant i seg sjølv. Denne boka er likevel eit godt døme på populærvitskaplege bøker som presenterer kuriøse tema på ein i overkant lettfatteleg måte.
Det einaste som skil boka frå tidlegare forsking på temaet synast å vere forfattarens ivrige deling av personlege opplevingar. Ein får vite langt meir om forfattaren enn det ein ønskjer, og strengt tatt har grunn til, å vite. Til dømes at ho er ei «storesøstermamma» gift med ein «lillebrorpappa», at ho har to soner og ser på seg sjølv som «yrkesskadd».
Boka er skriven i eit fordummande og nesten pinleg språk, der koplingane mellom empirien og konklusjonane er i det tynnaste laget. Allereie i innleiinga skriv forfattaren: Før du fortsett med å lese, så vil eg berre sei at alt som står i denne boka, naturlegvis ikkje gjeld akkurat deg, men eg trur det kan gjelde mange andre. Og med det forsvann brått motivasjonen for å fortsette å lese boka. Tidvis er det interessant lesing, men banalitetane, som sluttar på side 285 med ein «storesøsterklem», gjer at boka synast lite seriøs.
Schönbeck sitt engasjement for temaet er sikkert. Boka kan likevel lesast om lag på same måte som eit horoskop. Klart er det noko ein kan kjenne seg igjen i, men ein tek det med ei klype salt.