
Tiss, helse og allsong
Variasjonen var stor i både innhald og kvalitet under oslofinalen i Forsker grand prix (FGP) laurdag. Dei ti gjenverande stipendiatane frå semifinalane i vår fekk på ny fire minuttar kvar til å presentera prosjekta sine. Publikum og juryen delte makta likt mellom seg, og våre nye grand prix-generalar Erik Solbakken og Haddy N’jie leidde publikum kyndig gjennom kvelden.
Forskar flest høyrer heime på kontora og i laboratoria sine og ikkje på scena. Deltakarane var flinke til å få fram relevansen i prosjekta sine, men mykje av det som vart presentert var tydeleg innøvd og kontakten med publikum ofte fråverande. Hilde Hauge er utan tvil engasjert i forskinga si på ungdom og hest, men evna ikkje å dra publikum inn i si verd. Med ein haltande powerpoint og overdriven bruk av medisinske faguttrykk var det fort gjort å ramla av lasset til Helene Knævelsrud. Autofagi, sa du? Eg har vore på førelesingar med større underhalningsverdi enn det somme av FGP-deltakarane presterte.
Innimellom dukka det likevel opp rett festlege forskarar. Mikkel Christensen leitar etter ein betre metode for vern av treverket i vikingskip. Han presenterte arbeidet sitt på rim, til Musevisa-melodien, og heile Storsalen stemte i. Assosiasjonane til konfirmasjonar og velmeinande slektningar låg tjukke i lufta. Med tørrvittige kommentarar og fantastisk biletbruk fekk Marianne Reusch publikum si interesse for allemannsretten opp på eit godt over gjennomsnittleg nivå. Velfortent var det desse to som tok høvesvis andre- og førsteplass og skal representera Oslo i landsfinalen i Bergen til helga.