
Tre favoritter
Jens K. Styve. Aktuell med boka Eg, Ove Kvamme
*Bok:* Norman Mailer, The Fight
I tillegg til at Mailer er ein suveren dokumentarist så får ein aldri nok av detaljar rundt The Rumble In The Jungle, kampen mellom Foreman og Ali i Zaire, 1974.
*Progrockalbum:* Jethro Tull, Aqualung
Under arbeidet med Eg, Ove Kvamme gjekk eg frå å vera progrockskeptikar til å bli progrockmisjonær som Ove sjølv. Ove sin favoritt er og min: Aqualung.
*TV-serie:* The Office
Eg meinte i utgangspunktet, som alle andre, at det var patetisk å prøva å laga den geniale britiske serien om på amerikansk. Resultatet blei, må eg innrøma, dobbelt så bra som originalen.