
Tre favoritter
Frank Kjosås. Aktuell som Peter Pan ved Det Norske Teatret
*Bok:* Arto Paasilinna, Harens år
Dette er ei av dei mest morosame bøkene eg har lese. Det er fyrste gongen eg har
måtta stoppa lese fordi eg lo så godt. Absolutt å anbefale.
*Tv-serie:* Six Feet Under
Denne gullbarren av ein tv-serie er å finne på DVD. KJØP DEN! Veldig godt manus og
ypperleg skodespelarkunst. Noko av det sterkaste eg har sett.
*Plate:* Glenn Gould, Goldberg variations (1955 og 1982)
To flotte tolkningar av same verk. Godt eksempel på kor forskjellig ting vert med
alderen og, ja, imponerande teknikk.