Tre Favoritter
Olaug Nilssen, aktuell med boka Få meg på, for faen.
Plate: The Avalanches med Since I Left You
– I dag har eg lyst til å nemne denne, eigentleg berre fordi den eine songen på den plata blei framført av fjorårets Holbergprisvinnar Julia Kristeva og dei som sat saman med henne i eit panel under seminaret som vart arrangert om arbeidet hennar i samband med utdelinga av prisen. Slik var det:
Julia Kristeva: Psychosomatic. Annan paneldeltakar: That boy needs therapy! Tredje paneldeltakar: He\'s a nut! He\'s crazy in the coconut! Fjerde paneldeltakar: What does that mean? Femte paneldeltakar: That boy needs therapy! Sjette paneldeltakar: dududududududududu
Film: Joel Schumachers The Phantom of the Opera
– Dette er ein film for oss som likar musikalar med sterke kjensler og pompøse framføringar. Særleg er Gerard Butler og Emmy Rossum si samsynging av «To the point of no return» verd å få med seg. Her er det berre raudglødande begjær å sjå på alle kantar. Men i sømelege former, sjølvsagt.
Bok: Ragnfrid Trohaug: Okkupert kjærleik
– Ragnfrid Trohaug er nok den tøffaste dama i forfattarklassen. Ho er oppriktig interessert i dei ungdommane ho skriv for, og er ikkje redd for å møte dei, snakke med dei og krangle med dei. Okkupert kjærleik provoserer nokre tenåringar og gler andre tenåringar ved å skrive uforferda om jenter som forelskar seg i kvarandre.