
Trekk pusten
Debutant Kjelland sine dikt fortener å vere lest høgt. Berre då kjenner ein utbrotet som ligg i dei. Ein merkar det er noko som må ut og fram.
Kvart dikt rommar ei historie som nærast vert spytta ut medan hjartet står i halsen og blodet pumpar. Musikaliteten i ordsamansetjinga forsterkar slagkrafta i dikta. Bruken av engelsk og dialekt understrekar det ytterlegare.
Nokre av dikta rører seg i grenselandet mellom det som er røyndom og det som er fantasi. Altså korleis kvardagen og dagdraumen av og til vert trekt ut i noko anna. Noko ein heller skulle ønske var der. Andre dikt kler tilveret heilt naken. Strippar det ned til det det eigentleg er. Som om dei ropar her er eg, dette er det som faktisk har skjedd, dette er det eg har vorte. Alt fiksfakseri frå andre høyrer ikkje til. Etterkvart som laga vert skrella av, får ein ut frustrasjonen som har gøymt seg under. Det ein står att med er seg sjølv.
Kjelland oppsummerar på eit vis vegen fram mot noko. Kor framand ein kan vere. Korleis ein av og til ikkje alltid heilt får med seg sjølv i alt som er rundt. I eit forsøk på å fatte alt saman, rasjonaliserar ein det som skjer, og ufarleggjer det. Som om ein då får betre tak på kven ein sjølv er. Som om alt det andre rundt roar seg litt ned.
Det er berre å trekkje pusten og byrje å gje dikta liv.