Uklart eksperiment

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Bjarte Samuelsen

# Tilsynekomst

# Aschehoug

Tilsynekomst er historia om eit ekteskap som er over fordi den kvinnelege halvdelen har gått bort. Tilbake sit Karsten som har bestemt seg for å begynne å skrive. Likevel er dette på ingen måte ein tåredryppande roman om botnlaus kjærleikssorg. Heller er det eit litterært eksperiment med måtar å bringe fram ei historie på, og det er skildring meir enn handling.

Verket startar jordnært. Karsten saknar kona, er irritert over ei bortkomen lommebok og frustrert på grunn av akutt skrivesperre. Han sit ved kjøkkenbordet og tenkjer på sonen og dottera, og han dreg på pub for å møte kameratar. Men smått om senn blir det heile meir uklart. Kva er historia her? Kva er dette med Maria? Og ikkje minst, kven er eigentleg Karsten?

Desse spørsmåla får vi aldri heilt svar på. Og det er irriterande. I staden for å gi oss ei original historie, losar forfattaren oss gjennom kreative, men også uklare, framstillingar av kunstnarsjela Maria. Korleis ei forteljing blir til, korleis ho blir vidareført og kor mange måtar det kan skje på, er essensen.

Det er fint å oppleve ein debutant som skildrar såpass godt, og som tek seg bryet med å vera kreativ i stilen. Men den gode historia glimrar med fråveret sitt. Før den dukkar opp, har ikkje Bjarte Samuelsen alt for mykje å gi lesarane sine.

Powered by Labrador CMS