
Unødvendig melankolsk
Kvifor er det alltid nokon som er nøydt å ta sjølvmord i novellesamlingar?
Problemet med unge forfattarar i dag er at alle på død og liv skal skrive den same historia. Det handlar om unge menneske som vert gamle, om livet som ikkje vart slik ein venta, om depresjon, om sjølvmord, om forelsking og om oppbrot. Kjensla eg sit att med etter å ha lese La stå er at dette har eg lest før. Orda og historiene er nye, men likevel gjev det å lese boka meg kjensle av å tygge ein tyggis eg alt har tyggja ferdig. Eg har så lyst å lese ei novellesamling kor ingen vel å ta sjølvmord.
La stå inneheld sju noveller, kor Rishøi fortel dei ulike historiene gjennom prosa, hyttebøker, legejournalar, brev, monologar og dialogar. Ein møter Lini som på tredje forsøket greier å ta livet av seg, Jimmy som er sikker på at han er adoptert, sjølv om ingen vil sei det til han og ei namnlaus jente som har vore på baksida av månen. Rishøi evnar å skrive finurlig og lyrisk, men der er ikkje noko nytt. Det er dei små og store tinga atter ein gong pakka inn i små brotstykke med svevande ord og alvorlige tema.
Høgdepunktet i boka er novella Ariel om ulike skjebne rundt eit basseng på eit turisthotell i Andalucia. Her greier Rishøi å halde historia og spenninga gåande heile vegen, slik at eg som lesar føler det er vits å lese ferdig. Det er det som manglar i dei andre. Teikninga vert for tydeleg tideleg i novellene, slik at eg alt veit kva som skjer til slutt. I Ariel sit eg faktisk med litt spenning i kroppen heile vegen og lurer frykteleg på om Alia får stupe det siste stupet, om Ingrid kjem til å snakke med Paco, kva som feilar Marie og kven som kjem til å snuble på det såpeglatte flisgolvet. Novella fyller seg sjølv på ein vakker måte, og fortel om einsame sjeler som krinsar rundt og rundt kvarandre, stadig nærare, før dei endeleg kan opne seg for kvarandre. Utan at det vert klissete. Det er ein kunst.
«Men om kvelden går hun alltid rundt bassenget. Når hun går langs kortsiden nærmest meg, ser jeg henne tydelig. I lyset fra lampen over døren. Jeg setter de rene glassene på disken.»
Rishøi har eit godt språk, fine karakterar og vakre bilete, men når historiene vert platte og forutsigbare, manglar det viktigaste. Det vert unødvendig melankolsk og til tider morbid. Ariel bør lesast, resten har du høyrt før.