
Vakkert og pinefullt med teskei
Ho kan fortelje historier, Margareth Olin. Dokumentarar som Kroppen min og Ungdommens Råskap har prova at ho er ein filmskapar med ei heilt eiga evne til å sjå menneske. Spørsmålet er om ho greier balansen mellom å levere fakta og fiksjon når ho no er klar med sin fyrste spelefilm.
Engelen er forteljinga om Lea, det vesle barnet som ingen ser. Ein skal nok ikkje forvente mye glede ut av ein film om korleis jenta frå huset ved jernbanelina mistar far, ser mor gå tilbake til den valdelege ekskjærasten og aldri gir opp å redde den eine i verda som skulle ha passa på henne. Alle historier er trass alt ikkje like behagelige.
Likevel. Den fyrste halvparten av filmen er svært mørk. «Men ta vare på henne då!» vil eg skrike. «Og gå frå den fyren!» Eller så vil eg gå. Dette klarer eg ikkje ta del i.
Lysglimta kjem omsider. Mot slutten av filmen er Olin der ho er best – på grensa mellom kjærleiken og skamma, det vakre og det vonde.
Det spørst om Olin skulle haldt si eiga røyst unna kinosalen denne gongen. At me stadig kjenner att dokumentaristens fortolking gjer at me aldri kjem heilt inn på Lea. Skodespelarane med Maria Bonnevie i spissen er meir enn gode nok til å formidle forteljinga utan Olins kommentarar. Det er mogleg filmskaparen må ha litt meir tiltru til sitt publikum – me treng ikkje bodskapen inn med teskei på denne måten.