
Vakkert og viktig virvar
Tid er faktisk eit relativt omgrep. Ikkje minst får det ei vid tolking i temaseksjonen til Argument denne gongen, der alt som endrar seg over tid ser ut til å vera tema for godt nok innlegg. Men berre så det er sagt, tekstbidraga til Argument er, så å seia utan unnatak, interessante og velskrivne. For ein stakkar som av og til kan kjenne seg drukna i eit massivt nyhendebilete, er dette kjærkomen førstehjelp. Men det skortar litt på heilskapen.
Noko av problemet med Argument er å skjønne kva type artiklar ein står overfor. Til dømes hadde det vore ei stor føremon å visst om «Argentinas gjenopprettelse» var meint å vera ein kommentar eller dokumentar. To sider «Motargument» gir dessutan ein tynn debattseksjon. Etter tidlegare å ha skrive om den depressive norske EU-debatten, har statsvitskapsstudent Johan Christensen tirra på seg tre aktivistar på nei-sida.
Kva som skal stå først og sist i tidsskriftet kan også vera noko å tenkje på. Plasseringa av «vitskap» heilt til sist, etter temaseksjonen, kan gi eit stemoderleg preg, og kanskje skulle tema kome i starten for å auke likestillinga mellom fagseksjonane. Den visuelle profilen er det iallfall lite å seia på: spesielt den digitale A’en som illustrasjon av forsinka masterstudentar er framifrå levert.