LIDENSKAPLEG: Det skal godt gjerast å halde kleda på og rockefoten stille når Valkyrien Allstars byr opp til dans.

Valkyrien trollbatt meg

Kven skulle tru at folkemusikk kunne vere så dampande heitt?

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Valkyrien Allstars på by:Larm

# Samfunnsalen

# 19. februar

Når Valkyrien Allstars står på scena, vert det heitt i lokalet. Fredag var Samfunnsalen fylt til randa, og energinivået sto i taket både hos bandet og publikum. Det bokstaveleg talt dampa opp frå samtlige av dei som var i salen. «Eg vil ha deg. Ha deg. Eg vil ha deg,» syng vokalist Tuva Livsdatter Syvertsen med lengsel i blikket, akkompagnert av knallhard og slåtteaktig felespel. Berre dét er nok til at du gløymer tid og stad.

Det er umogleg å ikkje verte bergtatt av Valkyrien Allstars når dei står på scena. Først og fremst er konseptet som bandet spelar på, unikt. Dei kombinerer kraftrock med norsk folkemusikk og nynorske tekstar. Og bandet har så sterkt utstråling og karisma at du ikkje kan unngå å verte bevega. Det er som å ta eit lite blikk inn i ei eventyrverd, og ein får assosiasjonar til reale bygdefestar og sex på låven. Bandet er jordnære og ærlege i si framtoning, og Tuva si mørke stemme saman med det ville felespelet gjer konserten til eit minne som kjem til å sitte i deg. Heilt til neste gong du går på ein konsert med dei. For det kjem du til å gjere.

Setlista på fredag besto av ei fin blanding både av nyare og gamle songar, både frå To måner som kom i fjor haust og frå debutalbumet Valkyrien Allstars. «No skal vi spele ein song som er laga av ein felemann frå Stryn!» gaular Tuva. Til stor begeistring frå heile publikum. «Kåfjell» er songen, og er ein real slåttesong frå Sogn og Fjordane. Publikum skrik, og bandet rockar laus.

Valkyrjer er eigentleg kvinnelege dødsvetter frå den norrøne mytologien. Dei bestemmer kven som skal få leve og kven som skal dø. Og slik kjennes det óg ut når bandet sett i gong for fullt. Valkyrien Allstars bestemmer framtida di, her og no. «Og gjev du drog meg så fast til deg, at heile verdi kom bort for meg» syng Tuva i songen «Å gjev du batt meg». Og då songen avsluttast, skrik heile publikum av vellyst og vil ha meir. Både bandet og publikum dansar rundt som ville. Og det er faktisk så heitt i salen at ein må kle av seg.

«Kjære spelmann, lat fela låte. No vil me danse, vi er så kåte,» syng Tuva inderleg. Og det er nettopp det som skjer. Felemennene spelar, og publikum dansar. Kåte og glade som dei er.

Powered by Labrador CMS