
Variert forvirring
Repetisjon og åpenbaring er siste del i ein poetisk trilogi skriven av Bergens-forfattaren Vemund Solheim Ådland. Diktsamlinga byr på stor variasjon i uttrykksformer, samstundes ho gjennomgåande har eit surrealistisk preg.
Det heile startar med ein lengre tekst, der temaet krinsar rundt sensualitet og erotisk lengting. Vidare følgjer ei rekkje dikt som vekslar mellom å vera einskilde ord, korte setningar, og ei tilsynelatande tilfeldig samankopling av bokstavar. Når det står T, etter at førre setning slutta med ordet «alt», blir utrrykket forsterka og fargerikt. Men når eitt av dikta utelukkande består av tre bokstavar, A Y N, blir det berre forvirrande.
Verket kan lesast som ei rekkje spontane kjensler. Lesaren blir invitert til å setja sansane i sving, og å ta seg tid. Det er fint å oppleve korleis forfattaren set saman ord som i utgangspunktet har lite med kvarandre å gjera, for å vise oss at dei kjenslemessig kan gi mykje av dei same opplevingane: Jord. Mot. Småsøsken.
Alt i alt blir det likevel uklart. Poesi bør tale til lesaren, men har i dette tilfellet problem med å nå fram. Og truleg er den vage og utilgjengelege forma litt av poenget. Men når størst muleg tilsløring blir heile poenget, forsvinn dessverre mykje av meininga med verket.