Vellukka verkelegheitsflukt
Pål Moddi Knudsen slapp for få veker sidan debutalbumet Floriography, og har hausta strålande kritikkar. Han skuffa heller ikkje live. Då Moddi spelte på Folketeateret fredag, var det berre å sige ned i stolsete, lukke augo og nyte musikken.
Den nære og sjelfulle musikken gjer at ein på trass av ein hektisk dag kan finne fred ei lita stund. Ein får assosiasjonar til bølgjer som slår inn over svaberga, og ein fargesprakande solnedgang med snødekte fjell og ope hav i horisonten.
Mellom songane snakkar Knudsen lavt på nordnorsk dialekt. Og i låta «Rubble» nesten kviskra Moddi ut teksta. Akkompagnert av strykarar, vare trommer og pianospel framstår Knudsen som ein raritet, med sitt bustete blonde hår og strikka genser, fremst på scena med trekkspelet. Bak han står det fem unge musikarar, høvesvis på cello, fiolin, trommer, bass og piano. Særs dyktige på sine instrument, og dei lukkast verkeleg i å innlemme publikum i det som kjennest som ei hemmeleg verd.
Alle Folketeaterets sitteplassar var fylt på fredag, og folk sto i rader langs veggane i lokalet. Alle pressa godt saman for å få plass, og enda var det mange som skuffa måtte snu i døra på grunn av plassmangel. Då konserten gikk føre seg med publikum sittande i salen, er det ikkje verst å avslutte til taktfast ståande applaus. Konserten var strålande.