Verdigheit og klasse

Publisert Sist oppdatert

Anmeldelse

# Magnus Engen Marsdal

# Frp-koden

# Forlaget Manifest

Magnus Marsdal har ein draum. Ein dag skal eit radikalt, folkeleg venstreparti oppstå frå aska av det eliteinfiserte norske Arbeidarpartiet. Ein dag skal dette landet styrast av folk som har respekt for grandiosa, og som veit at den sosiale statusverdien av ei brusmaskin er uvurderleg. Han tullar ikkje, og du, ja spesielt du som fnisa litt akkurat no, bør høyre godt etter.

For klassekampen var ikkje død. Folk flest er som folk flest, og informasjonssamfunnet sitt inntog er på mange måtar ein illusjon. Når det viser seg at landsfaderen har fostra ein son som i dag går ut og proklamerer at vi er alle «spennede individer i det klasseløse samfunn», og etterpå spør seg kvifor eit parti som pratar om «de gamle og de syke i dette land» får stemmer frå heilt vanlege folk, blir resultatet ei bok som sparkar grundig, hardt og lenge.

Dersom brautande RV-erar som pratar om «den sosialdemokratiske statsadelen» er den eine tingen som får deg til riste meir på hovudet enn folk som stemmer Frp, skal du lesa denne boka. Profetien er at Carl I. Hagen ikkje er populær fordi han eigentleg bryr seg om arbeidsfolk, men fordi ingen andre gjer det. I openberringa legg Marsdal inn både sjel, empiri og menneskelagnader. Frp-koden er så gjennomført at det berre er å bøye seg i støvet.

Powered by Labrador CMS