Hugs at du skal ut i arbeid, student!

«Me har forvirra oss langt vekk frå kva studietida eigentleg burde være», skriver Peter Alvsvåg.

Publisert Sist oppdatert

Din meirverdi som student skapast berre om du deltar på fleire konkurransar, tar på deg mange verv, og jobbar tre ulike deltidsjobbar; alt ved sida av studiet.

Utan dette blir du ikkje relevant for framtidig arbeidstakar. Kva er poenget med å være student om du ikkje får deg arbeid rett etter studiet, for så å arbeide konstant fram til du er 100 år?

Hugs, student, at din verdi kjem frå at du er nyttig for framtidig arbeidstakar, og dermed for samfunnet. Om du ikkje kan vise din verdi heile tida, er du bortkasta, og det var dermed unødvendig at du i det heile søkte deg inn på høgare utdanning.

Å ta seg ein pause, ein liten kvilekveld, er dårleg prioritering av den knappe tida du har. Du må kunne vise at du har vært aktiv og engasjert, student!

Og ingenting viser det betre enn 103 unike punkt på CV-en din! For det er nemleg slik at oss studentar berre har ein funksjon i samfunnet. Det er vårt arbeid fram mot rolla som framtidig arbeidstakar. Alle som har lest historie veit at universitet var grunnlagt på visjonen om å uteksaminere flittige arbeidstakarar.

Det er som Aristoteles ein gang sa: «Arbeid er det som gir meining til alt liv!». Me burde dermed gå inn for å gjere våre gamle filosofar stolte av kor utslitne og deprimerte me kan bli, før me får draumejobben og alle våre problem er løyst.

Det konstante fokuset på korleis studiet ditt, og alle dine verv og deltidsjobbar, er relevant opp mot den jobben du kanskje får når du uteksaminerast, er bra, student! Er det slitsamt, trasig, eller tidskrevande?

Må du melde deg opp til psykolog for enorme mengder stress? Det viser berre at du har prioritert rett! Korleis kan du ta vare på helsa di om du ikkje har pengane og erfaringa til å betale for det seinare?

Men er dette din feil, student? Er det din feil at det er eit konstant auke på presset og forventningane som stillest til deg, og kor fantastisk flink du alltid skal vere? Er det din feil, student, at dei tre superrelevante deltidsjobbane du har, på Narvesen, Rema, og Baker Hansen, akkurat betalar for husleiga?

Nei, det er ikkje din feil! Det er ikkje din feil at du må bruke mykje av fritida di på den forbanna deltidsjobben, når du eigentleg kunne tenke deg å ta ein pils på Strikk og Drikk.

Det er ikkje din feil at det konstante aukande presset mot deg som student sakte drep din lidenskap for faga du var så engasjert i. Me har forvirra oss langt vekk frå kva studietida eigentleg burde være. Men me kan ta vår rettmessige plass som kuriøse, engasjerte, og lidenskaplege studentar tilbake!

Forlang betre levevilkår og betre stønad. Du har krav på eit betre liv og du har krav på å bli høyrd når regjeringa bestemmer kor mykje du skal få i stønad, både her og i utlandet! La stemma di bli høyrt, slik at du kan begynne å leve eit verdig liv som student!

Powered by Labrador CMS