FOTOSPESIAL:

Unge lovlause

I skuggen av Akropolis har studentar sett finanskrisa rive sund framtida deira og tilliten deira til staten. Nokre av dei har teke til gatene med slagord og steinar. Andre har søkt tilflukt i kollektiv og fellesskap.

Publisert
I kamp for ei betre framtid: Heime hjå Evgenia er det alltid ope hus. Ho bur med systera si og familien sin i ei stor leiligheit i Exarchia, ein bydel i Aten. Saman med fleire av venene sine engasjerer ho seg politisk og er leiar for ei anarkistisk gruppe. Mange studentar engasjerer seg politisk i Aten, men fleire lét også vere i frykt for å hamne i konflikt med politiet som står rundt om på campus. Evgenia og fleire av venene hennar har vore vitne til politivald mot aktivistar og fortel at dette er kvardagskost.
– Fucka situasjon: Costas, Bill, Kyriakos og Xaris er alle studentar i Aten. Dei meiner at situasjonen i landet er «fucka». Fleire studentar skildrar det heile som eit tillitsbrot mellom staten og folket, og seier at dei fleste berre følgjer sine eigne reglar og lovar fordi dei ikkje stoler på staten.
Betre for skeive? Xristina bur saman med to andre i bestemora si leilegheit. Trass ei konservativ regjering som samarbeider tett med den ortodokse kyrkja, seier fleire at det er lett å vere ung og skeiv i Aten. Xristina meiner at det ikkje er så polarisert mellom skeive og heterofile blant unge i byen. Hun fortel at mange i den yngre generasjonen tek avstand frå den konservative og religiøse livsstilen som fleire av dei eldre framleis held fast på.
Ei usikker framtid: Adam er student ved Panteionuniversitetet i Aten. Som mange går han ei usikker framtid i møte etter endt studietid. Den økonomiske krisa og den høge arbeidsløysa i Hellas gjer det vanskeleg for mange unge. Prisane stig, som i resten av Europa, fleire får ikkje jobb og slit med å betale rekningane.
På Eva sitt rom: Eva på rommet i kollektivet. Eva engasjerer seg også politisk i ein anarkistisk gruppe og håper på ei endring og ein mindre korrupt stat.
Powered by Labrador CMS