Hymne til Blindern

Publisert

Eg sit heilt roleg i Eilert Sundts hus
og berre kjenner etter
Ja, det var her det hende,
at eg vart meg.
Her i dette opne landskapet
høgt under taket
nok plass til å storme fram i alle retningar.

Her var det plass til mange,
til og med ei jente frå ytre strok
utan akademisk kapital

Kunnskapen flaut fritt i auditoria
i seminarrom og på lesesalen,
frå Edvard Beyer om Ibsens moralske dilemma frå
Edvard Befring om ungdommens iboande stormar
og pedagogikkens arsenal av utviklingsteoriar

Vi var vidopne, gapte over store bolkar med kunnskap
og fylte på med Sartre, Fanon, Beauvoir og Camus
mens Maos “lille røde” skaut på oss med pil og boge.

Kunnskapen støymde langsomt gjennom oss
vart filtrert og drøvtygd
sende oss hit og dit
alt hang saman med alt

så kom METODEN og skapte orden
staka opp hovedvegar og verna oss mot spuriøse samanhengar
Alt kom til nytte
i jobben
i livet
og som grunnlag for ny læring

Og ein bonus følgde med:
den løyndomsfulle hagen
eller eit rikt indre liv som det også heiter

Og her sit eg midt i pensjonistlivet
takksam
og godt preparet for ny kunnsskap om eg har lyst eit nytt språk, eller kanskje historie

Blindern altså
rota til alt godt!

Powered by Labrador CMS