Fruktbar fruktboikott

Publisert

I førre Universitas skulda Jomar Talsnes Heggdal (Liberal Liste) Raudt Blindern for å driva gamaldags politikk då me oppmoda Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) om å ikkje selja Jaffa-appelsinar i kantinene sine. I staden meinte han at me burde ta tak i fattigdom, klimautfordringa og situasjonen til asylsøkarane.

Raudt Blindern takkar for innspel, men me meiner at det å bry seg om den etiske profilen (eller mangelen på denne) til SiO på ingen måte står i motsetnad til å driva anna politikk. «Vi bryr oss slik at du slipper» er slagordet Liberal Liste har pryda nettsidene sine med. Særs sjenerøst! Raudt Blindern bryr seg endå litt meir. Slik at når studentsamskipnaden vår, som held førti serveringsstader i Oslo, forsyner frukthyllene med appelsinar frå ei okkupasjonsmakt, er me nøydde til å reagera.

– Boikott har aldri vore meir effektivt enn i Sør-Afrika.

Liberal liste meiner at boikott er gamaldags politikk. Raudt meiner snarare at boikott er eit svar på gamaldags politikk. Segregeringstendensane i dei okkuperte palestinske områda er alvorlege, og FN sin spesialrapportør på menneskerettssituasjonen i Palestina, John Dugard, påpeika i sin rapport frå 2007 at element ved okkupasjonen utgjer former for kolonialisme og apartheid. Desmond Tutu har òg samanlikna situasjonen for palestinarane med den til den svarte befolkninga i Sør-Afrika under apartheidregimet. Boikott har aldri vore meir effektivt enn i Sør-Afrika, noko som gjev grunn til å tru at det kan vera fruktbart med fruktboikott og boikott av andre israelske produkt.

At nokre færre Jaffa-appelsinar vert selde i SiO-kantinene råkar sjølvsagt ikkje den israelske hæren i særleg grad, men ein treng ikkje vera meir enn ein brøkdel sosialkonstruktivistisk anlagd for å ha trua på signaleffekten av kva slike symbolhandlingar ber med seg. Det kan gå ei fin linje frå symbolpolitikk til realpolitikk.

Powered by Labrador CMS