ALVOR: Evna og viljen til å gjere noko med det er fråverande, og det verkar som om få politikarar bryr seg eller gidd å innsjå alvoret, skriv Tord Magnus Håland Dyrkorn.

Bustadsektoren er strukturelt skakkøyrd

No er det på tide at nokon slår alarm om studentane sin bustadsituasjon.

Publisert Sist oppdatert

«Bli student i Noreg i dag!» Det er bodskapen frå staten. Det dei samstundes gløymer å opplyse om, er det som står med liten skrift: «Få (les: lån) nokre tusenlappar i månaden av staten og gi alt til ein random pensjonist. Få eit åtte kvadratmeter stort, dårleg isolert rom å bu på, i ein leilegheit med råte, katastrofalt inneklima og fem andre i same elendige situasjon. Ja, og gløym å sjå fram til å eige noko sjølv i all overskodeleg framtid.»

Det kunne vore satire, men det er den brutale realiteten for studentar i Noreg i dag. Bustadsektoren er så strukturelt skakkøyrd at det er vanskeleg å ikkje parodiere han.

Les også: "Vi må snakke om dødelige våpen"

Bustadsektoren er så strukturelt skakkøyrd at det er vanskeleg å ikkje parodiere han

Problema studentane møter i bustadsektoren vert ofte framstilte som todelte. På eine sida er problema på utleigemarknaden, der studentane vert flådde for så godt som alt dei får i støtte frå staten, og stua inn i underdimensjonerte leilegheiter. Du veit ikkje kor mange framande folk du må bu med før du har flytta inn, du veit ikkje om bustaden er helseskadeleg for deg og du veit ikkje om rettane dine (fordi du ikkje har rettar). Det einaste du kan vere rimeleg sikker på, er at pengane du betaler går til godt vaksne folk som allereie eig meir enn ein bustad.

På andre sida er problema på bustadmarknaden. År med låg rente, altfor få nye bustadar, fråvær av reguleringar i marknaden og bustadhaiar og utanlandske investorar som kjøper opp meir og meir av byane. Det har gjort draumen om å eige sjølv den trongaste toromsleilegheita til ein fjern draum for fleire og fleire studentar.

Det er umogeleg å ikkje sjå samanhengen mellom desse to sidene. Strukturen i bustadsektoren i dag er lagt opp slik at studentar skal feile. Du brukar heile studietida di på å bu i elendige forhold, betaler grovt mykje til allereie godt bemidla folk og du opparbeider deg samstundes ei gjeld som gjer at, når du er ferdigutdanna, har du eit mykje dårlegare økonomisk utgangspunkt til å kjøpe bustad enn før du tok fatt på studia.

Les også: "Språkforskning for fred"

Strukturen i bustadsektoren i dag er lagt opp slik at studentar skal feile

Kva må gjerast? Det held ikkje å berre byggje nye studentbustadar og å auke studiestøtta. Førstnemnde tek tid og sistnemnde gjer eigentleg berre at staten i endå større grad finansierer bustadlåna og velstanden til dei som lever av å leige ut.

Problema i bustadsektoren har ikkje ein quick fix. Dei er strukturelle og difor må det til store strukturendringar. Førebels ser det ikkje ut til at nokre slike endringar er på horisonten. I valkampen i 2019 lanserte byrådsleiar i Oslo Raymond Johansen planar om å etablere ein «tredje bustadsektor» med mellom anna såkalla «leige-til-eige-bustadar», kor ein får leige ein bustad med rett til å kjøpe han nokre år seinare til den prisen som gjaldt ved starten av leigetida. Byrådet har sett av magre 10 millionar til prosjektet, og det ser ikkje ut til at nokon får prøvd det ut før 2024, tidlegast. Førebels ser det ikkje ut til at det finst vilje til endring frå regjeringa heller, anna enn nokre fine formuleringar i Hurdalsplattforma om å hjelpe fleire inn på marknaden. Handlingslamminga frå det offentlege er skammeleg.

Generelt ser det ut som at det er privat sektor som er frampå i utviklinga av bustadsektoren. Bustadbyggjelag som Obos og andre private selskap har kome lengre med «leige til-eige-» og deleige-prosjekt enn nokon i offentleg sektor — i alle fall i Oslo.

Har det offentlege noko å lære av det private? Det skadar i alle fall ikkje å steppe opp samarbeidet, men det er ikkje i privat sektor at ein reform av bustadsektoren skal skje. Regjeringa har uttrykt eit ønskje om at fleire skal eige bustad sjølv, og då er det ikkje for mykje å krevje litt nytenking og innovasjon i sektoren. Ein kan for eksempel starte med å utnemne ein minister for bustadpolitikk eller i det minste setje ned eit utval som kan arbeide med løysingar. Det er ikkje for mykje forlangt når den mest sexy nyheita for studenten på bustadsfronten for tida er [eit party-kollektiv](bb) utvikla av eit utelivsselskap.

Bustadsektoren er i krise og situasjonen er uhaldbar, og no er det på tide at nokon slår alarm. Evna og viljen til å gjere noko med det er fråverande, og det verkar som om få politikarar bryr seg eller gidd å innsjå alvoret. Det er naudsynt med omfattande strukturelle endringar i heile bustadsektoren. For no er sektoren eit løpsk tog som er i full fart på veg mot at studentar ikkje har råd til å leige, og aldri får råd til å eige, bustad.

Les også: "Honours-programmet er en mislykket PR-strategi"

Powered by Labrador CMS