Spillanmeldelse:

USA på Playstation 5

For ein del av befolkninga er det større ting som har skjedd i 2026 enn Norge i fotball-VM.

Publisert Sist oppdatert

Grand Theft Auto VI

Hva: Action-eventyrspill

Hvem: Rockstar Games

Hvor: PlayStation 5 og Xbox Series X/S

Forventningane til GTA VI har vore høgare enn til noko anna spel før. Det er 13 år sidan GTA V kom ut, og etter to utsettingar har Rockstar omsider levert oppfølgjaren. Resultatet er imponerande.

Gjennom historia følgjer vi hovudpersonane Jason og Lucia, som prøver å byggje seg eit nytt liv etter at sistnemnde blir prøvelauslaten. Med ran, biljakter og eit stadig meir innfløkt kriminelt miljø er det mykje som står på spel. Oppdraga byr på både action og dramatikk, og følgjer ein velkjend GTA-oppskrift. Dynamikken mellom Jason og Lucia er sterk, og skapar ei bra historie til spelet.

Men det er ikkje nødvendigvis historia deira som imponerer mest. Det er verda dei lever i.

For å kaste ut ein brannfakkel: Mange som kritiserer GTA-serien, forstår lite til ingenting av kva han handlar om. Ein kan moralisere over valden, narkotikaen og kriminaliteten. Men bak kaoset ligg det ein samfunnssatire som fortener meir merksemd.

Spelserien har alltid vore ein satire over USA, eit land der det tidvis er vanskeleg å skilje verkelegheita frå parodien. Den amerikanske draumen blir teken til det ekstreme: Alle skal kunne skape si eiga lykke, og ingen skal få stå i vegen. Denne gongen går turen til Leonida, ein fiktiv versjon av Florida. Men kor fiktivt er det eigentleg?

Det tek ikkje lang tid før eg møter ein sjølverklært free thinker som fyller eit badebasseng på lasteplanet av pickupen sin med bensin. Når han får kjeft frå dei tilsette, svarar han at han ikkje skal late the deep state fortelje han kvar han skal fylle bensin. Han tenner opp ein sigarett og køyrer vidare. Og går i lufta like etter.

Hadde dette vore ein ekte nyheitssak der overskrifta byrja med «Florida man», ville eg knapt heva eit augebryn.

Det er slike møte gjer GTA VI til ei oppslukande spelverd. Rockstar har laga eit visuelt slåande spel prakka fullt med innhald. Det er lett å gløyme kva ein eigentleg skulle gjere når stadig nye distraksjonar dukkar opp på veg til neste oppdrag. Historia om Jason og Lucia blir nesten eit påskot for å utforske alt det absurde verda elles har å by på. 

GTA VI finn kanskje ikkje opp GTA-serien på nytt, men Rockstar har teke det som gjorde forgjengarane så vellukka, og løfta det til eit nytt nivå. Alle desse åra med ventetid har resultert i ei spelverd det er vanskeleg å leggje frå seg.

Powered by Labrador CMS