Ta sommaren tilbake!

Klimaløpet er ikkje køyrt, og det er mykje stilleståande engasjerte kan gjere

Publisert Sist oppdatert

Det er sommar! Men når sola steikjer på sjuke 34 varmegrader, vil me utan tvil verte offer for tanken «dette er faen ikkje normalt.» Likevel står fleire unge på staden kvil fram til styresmaktene handlar.

For å adressere problemet med avmaktskjensle, må eg gå ein litt upopulær sti. Det er å rekne som ein sjølvfølgje at staten må kutte utsleppa sine. Men me som befolkning må òg ta ansvar og handle meir sjølv. Me må ikkje undergrave vårt eige behov for ein grøn kvardag.

Store delar av løysinga på klimakrisa er avhengig av at dei som bryr seg, gjer noko. Spikeren er godt plassert i kista når dei engasjerte vert overrumpla av ein kjensle av avmakt – at me ikkje får gjort noko. Så spørsmålet vert: Kvar skal ein starta?

Eg tenkjer tilbake til då 2018 sitt oppgjer med flyskam og kjøttskam førte til ei breiare normendring: Viljen til å kutte sitt eige forbruk fører forbrukaren bak lyset, og idéen om å leve saman med naturen er rett og slett arkaisk. Personleg klimaansvar har hamna i baksetet. Anten er klimatiltaka for små til at det er vits, eller for store til at me orkar. Og dei siste regjeringane har heller ikkje gjort det særleg inspirerande å vere grøn, med sine fråverande reaksjonar på klimakrisa.

Det kan verte oppfatta litt som om å be pasienten ta bypassoperasjon på seg sjølv

Men lat oss vere konstruktive. Det finst nemleg ein positiv beskjed.

Eitt av dei store ønskja som har dukka opp i klimadebatten er det å flytte seg vekk frå evig vekst som tankegang. Ofte har dette vorte møtt med skuldingar om ein utopi som ikkje er realiserbar.

EU sin konferanse Beyond Growth, frå 15. til 17. mai, utforska høve til ei reorientering i økonomisk strategi, og eit steg vekk frå evig vekst. Marie Storli skriv i Morgenbladet om at den store utfordringa under konferansen var korleis eit system bygd på vekst, vil svare med inflasjon og arbeidsløyse i ein potensiell post-vekst strategi.

Tankar om ei orientering vekk ifrå evig vekst er i emning.

Boka En klimabok du orker å lese av Hauk Are Fjeld, Julie Malene Dusdahl og Julie Marie Følstad, som nyleg kom ut, freistar også med ein god bodskap: Klimakrisa lét seg løyse. Men boka viser òg til éi av forklaringene på den manglande handlinga til styresmaktene: Ønsket til politikarane om å appellere til folket gjer at dei unngår politikk som går utover enkeltmenneske si fridom.

Ønskjer me å kome paradigmeskiftet i forkjøpet, bør me omfamne ein grønare livsstil så snart som mogeleg. Det kan verte oppfatta som å be pasienten ta bypassoperasjon på seg sjølv, fordi kirurgen diverre er sett ut av spel. Men det er ikkje sikkert den verkelege operasjonen er så vanskeleg.

Tidlegare denne våren fortalde to Universitas-journalistar om sine erfaringar med å leve etter klimamåla satt i Parisavtalen. Konklusjonen var at å leva klimavennleg var overraskande lett som fattig student. Då leiaren i Framtiden i våre hender Anja Bakken Riise gjorde noko liknande, sa ho seg òg nøgd, riktignok etter at ho trakk staten sitt klimagassutslepp frå hennar eige.

Lærdommen frå dette er at me godt kan klare å tilpasse oss. Men, ikkje utan at tanken om eige ansvar og klimavenlege handlingar vert utfordra frå fleire hald.

La oss ta vekk nokre av steinane i vegen:

Den venstrevridde filosofen Slavoj Žižek har gjort det klart at dei små grøne vala forbrukarar kan gjere i kvardagen – til dømes kjøpe økologisk – ikkje adresserer det som i røynda er problemet: systemet. Slike tankar er freistande, fordi man kan kritisere status quo, utan å handle sjølv.

Me må ta del for at endringa skal skje tidsnok, og på premissane våre

Det er i interessa til moderne individualistar at me beviser oss som rasjonelle menneske. Då er det viktig å vise at me ikkje drit der me et. Og på den meir kollektivt orrienterte venstresida viser styresmaktene at dei taklar ei hardare omvending og ein sterkare stat.

Ved å kome i forkjøpet kan me påverke den grunnleggjande hypotesen om menneske i positiv retning.

Ein treng ikkje avansert systemanalyse, eller økonomisk teori – dette gjer berre avmaktskjensla kraftigare. Berre gå deg ein tur i parken: Sommaren gjer det tydeleg kva dei grøne lungene betyr for folket, når ein må spisse olbogane for å få sitje i parkane. Likevel er det utan unntak at ein forlèt parken fylt med søppel. Å gi faen i naturen gir eit farleg signal om at me ikkje bryr oss.

La oss starte i den enden der me ikkje undergrev vårt eige behov for grøne lunger, natur og biologisk mangfald. Det er ingen grunn til å stå på staden kvil, for endringar i rett retning skjer. Men me må ta del, for at endringa skal skje tidsnok, og på premissane våre.

Powered by Labrador CMS