Studentbustad

Det andre opptaket

Gratulerer! Du har fått studieplass. No byrjar konkurransen som ikkje stod i opptakskrava

Publisert

Den kyniske filosofen Diogenes budde, ifølgje tradisjonen, i ei krukke. Då Aleksander den store oppsøkte ham og tilbaud å oppfylla eit ønske, bad Diogenes verdas mektigaste mann om éin ting: å flytta seg ut av sola.

Historia blir gjerne fortald som eit bilete på fridom. Diogenes trong så lite at sjølv Aleksander ikkje hadde noko å lokka han med. Men poenget er ikkje at han budde trongt. Poenget er at han valde det sjølv. Fridom handlar ikkje om å klara seg med minst mogleg, men om å kunna velja. Ein rett er lite verd dersom du ikkje har moglegheit til å bruka han. 

Det same idealet finst i høgare utdanning. Kven foreldra dine er og kor mykje dei tener, skal ikkje avgjera kor langt du kan koma. Du skal konkurrera om studieplassen med karakterar, ikkje eigedom. Så kjem august, og eit nytt opptak byrjar. Denne gongen finst inga poenggrense. Her tel depositum, foreldre, nettverk og kor raskt du svarar ein utleigar på Finn. 

Bustadmarknaden har blitt opptak nummer to.

I skrivande stund står 17 105 studentar i kø for studentbustad, 921 fleire enn på same tid i fjor. Samstundes har rekordmange, 18 430, fått tildelt bustad. Det er nesten imponerande korleis den årlege pressemeldinga klarer å vera både ei gladmelding og eit naudrop. Når eit rekordår framleis endar med ein større kø, er det verdt å spørja kva me eigentleg feirar. Studentbustadkrisa har for lengst fått fast plass i kalenderen. Etter ferien kjem køtala, bileta av koffertar og sovesalar, og rådet om å ha is i magen. 

Regjeringa har rett nok rekordtal å visa til. I fjor vart det ferdigstilt fleire studentbustader enn nokon gong, og tusenvis fleire er under bygging. Likevel er køen lengre enn på same tid i fjor. Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) kallar utvikling «en suksess som fortsatt er under arbeid» til NRK. Til studentane som framleis ventar, er bodskapen klar: «Erfaringen er at det løser seg for de aller fleste. Ikke gi opp.» 

Politikarane må slutta å omtala ei krise med fast plass i kalenderen som eit forbigåande problem

Olivia Szlage, journalist i Universitas

Det kan godt vera sant. Mange får bustad når køen flytta seg. Men det løyser seg er òg ei praktisk formulering, fordi ho ikkje seier korleis det løyser seg, eller kva studenten må betala for løysinga. Køen blir kortare når ein student får ein nøkkel. Han blir òg kortare når studenten tek eit rom hen ikkje har råd til, pendlar i timevis, flyttar heim att eller gir opp studieplassen. I statistikken ser alle utvegane like ut, eit namn mindre.

Det er her skiljet mellom retten til å studera og moglegheita til å gjera det blir synleg. Du er fri til å takka ja til ein studieplass i Oslo, sjølv om du ikkje har råd til å bu der. Du må berre skaffa depositum, vinna konkurransen om eit kollektivrom og overtyda ein utleigar om at akkurat du er ryddig, roleg og helst aldri heime. Studenten som kan bu sjå ei tante eller få depositumet overført same kveld, får tid til å leita. Studenten utan eit slikt sikkerheitsnett må ta det som finst, eller la vera.

Me veit at 12 prosent fell frå i løpet av det første studieåret. Kor mange av dei som gav opp fordi dei ikkje fann ein stad å bu, veit me ikkje. Ein kortare bustadkø fortel oss ikkje nødvendigvis at problemet er løyst.

I Aalborg har kommunen valt ei anna tilnærming. Nye hauststudentar kan søkja om bustadgaranti, bli prioritert og få tilbod om bustad. Garantien lovar ikkje draumeleilegheita. Tanken bak er eigentleg ganske enkel: når samfunnet inviterer deg til å studera i ein by, har byen òg eit ansvar for at du kan bu der.

Me må slutta å behandla bustad som eit privat logistikkproblem etter at studieplassen er delt ut. Lærestadene bør kartleggja om bustad er ein grunn til at studentar ikkje møter eller sluttar. Rekordbygging er bra, men ho hjelper ikkje studenten som står utan bustad ved studiestart. Staten bør derfor utvikla mellombelse bustadgarantiar medan kapasiteten blir bygd ut. Politikarane må slutta å omtala ei krise med fast plass i kalenderen som eit forbigåande problem.

Diogenes valde krukka fordi han ville frigjera seg frå samfunnet. Studentar skal ikkje måtta leva som kyniske filosofar for å få delta i det.



Powered by Labrador CMS