Island
Frå EU-ja til nei på ein sommar
Unge islendingar var klart positive til nye EU-forhandlingar. Så snudde målingane.
Hólmfríður Kolbrún Gunnarsdóttir legg seg før Island har bestemt seg.
Då den 22 år gamle medisinstudenten sovnar på valkvelden 29. august, ligg ja-sida framfor. Ho reknar med at hennar side har tapt. Då ho vaknar i Reykjavík morgonen etter, har oppteljinga snudd.
– Eg blei først overraska. Så blei eg veldig, veldig letta.
52,8 prosent av islendingane stemte nei til å ta opp att medlemskapsforhandlingane med EU. 47,2 prosent stemte ja. Valdeltakinga var 82,6 prosent.
Men fram mot folkerøystinga hadde noko anna skjedd blant dei yngste veljarane.
I juni svara 63 prosent av islendingane mellom 18 og 29 år at dei ville stemma ja. Rett før folkerøystinga var tala nærmast snudde: 60 prosent sa nei. Statsvitar Hafsteinn Birgir Einarsson sa til RÚV at utviklinga tyda på at nei-kampanjen hadde klart å nå dei unge på oppløpet. Tala er meiningsmålingar, ikkje faktiske valresultat fordelte på alder.
Ville berre sjå
På telefon frå Reykjavík snakkar Universitas med Elva María Birgisdóttir (24). Ho blei ferdig med bacheloren i skodespel ved Listaháskóli Íslands i fjor, og arbeider no som skodespelar.
Ho stemte ja. Men ikkje nødvendigvis fordi ho vil at Island skal bli medlem av EU.
– Eg veit ikkje ærleg om eg hadde sagt ja eller nei til EU til slutt. Men det var ikkje det me stemte over.
– Kvifor stemte du då ja?
– For meg var det berre: Kvifor ikkje sjå?
Islendingane stemte 29. august ikkje over EU-medlemskap, men over om landet skulle ta opp att forhandlingane med EU. Det blei sette på vent etter at ei meir EU-skeptisk regjering tok over i 2013. To år seinare bad regjeringa EU om å ikkje lenger rekna Island som kandidatland. Eit eventuelt medlemskap måtte uansett ha blitt avgjort i ei ny folkerøysting.
For Birgisdóttir handlar eit ja om å få vita kva Island faktisk kunne ha forhandla fram.
– Det kjennest som me treng eit lite kick in the ass. Det er mange ting i systemet som ikkje er gode nok no.
Ho trekkjer særleg fram kor dyrt det har blitt å vera ung på Island. Ho seier det er vanskeleg å kjøpa bustad utan ein partnar eller foreldre som kan hjelpa.
Birgisdóttir er ikkje åleine om å kjenna på dyrtida. Ifølgje Statistics Iceland var prisnivået i august 5,6 prosent høgare enn året før. Samstundes låg styringsrenta på 8 prosent. OECD har òg peika på mangel på rimelege bustader i ein pressa islandsk bustadmarknad.
Det kjennest som me treng eit lite kick in the ass. Det er mange ting i systemet som ikkje er gode nok
Ein dyr genser
Hólmfríður Kolbrún Gunnarsdóttir snakkar med Universitas på telefon frå Reykjavík. Ho leiar Heimdallur, ungdomsforeininga til det liberalkonservative Sjálfstæðisflokkurinn (Uavhengighetspartiet) i hovudstaden.
– Eg er veldig positiv til EU i seg sjølv. Eg meiner berre ikkje at Island bør vera ein del av det i dag.
– Men kvifor ikkje berre forhandla og sjå kva avtale de kunne fått?
Gunnarsdóttir meiner akkurat det spørsmålet var ja-sida sitt sterkaste argument. Ei venninne samanlikna det med å gå i ein butikk og prøva ein genser før ein bestemmer seg for å kjøpa han. Gunnarsdóttir snur biletet:
– For meg er det meir som om butikken seier at du kan prøva genseren, men du må betala 20 000 islandske kroner for å prøva. Du veit ikkje korleis han ser ut, kva han kostar eller om du eigentleg vil ha han.
Det er kanskje her dei to sidene snakkar mest forbi kvarandre. Der Birgisdóttir ser forhandlingar som eit uforpliktande «kvifor ikkje sjå?», ser Gunnarsdóttir sjølve forsøket som ein kostnad Island må ta før landet veit kva forhandlingane faktisk kan enda med. Rekninga, meiner ho, kjem ikkje berre i kroner, men i tid og politisk merksemd eit nytt EU-løp ville teke frå andre saker.
Ho seier at noko endra seg dei siste vekene.
– Folk blei lei. Det var overalt på sosiale medium, i vennegjengar og rundt middagsbordet.
Etter hennar syn falma nysgjerrigheita då nei-sida byrja å argumentera for at Island allereie har mykje av det EU kan tilby gjennom EØS-avtalen.
Folk blei lei. Det var overalt på sosiale medium, i vennegjengar og rundt middagsbordet
– Eit stort ja til EØS
På BI møter Universitas Gjermund Mathisen. Han er professor i rettsvitskap og har arbeidd med EU- og EØS-rett i mellom anna EU-kommisjonen, ESA og EFTA-domstolen.
Birgisdóttir meiner islendigane kunne ha forhandla først og bestemt seg etterpå. Gunnarsdóttir meiner nye forhandlingar i seg sjølv ville vore det første steget mot medlemskap.
– Kven av dei skildrar røystinga mest presist?
– Eg trur ho som stemte ja, treff betre.
Mathisen understrekar at eit ja til forhandlingar ikkje ville vore eit ja til medlemskap.
– Eg synest det er vanskeleg å forstå at ein ikkje eingong vil vita kva avtalen ein kunne ha fått.
Samtidig meiner han at resultatet ikkje først og fremst bør lesast som eit islandsk nei til Europa.
– Dette er jo eit stort ja til EØS.
EØS-avtalen gir islendingane tilgang til den indre marknaden og rett til å bu, arbeida og studera i andre EØS-land. Men Island har ikkje stemmerett når EU vedtek regelverk som seinare blir teke inn i EØS-avtalen.
– Det er eit mykje større demokratisk underskot i EØS-avtalen enn i EU. Det er ein del av prisen me betalar for å få alle desse rettane utan å vera med, seier Mathisen.
– Så kva manglar Island eigentleg når dei allereie har EØS?
Mathisen trekkjer særleg fram politisk medverknad og euroen. Eit EU-medlemskap ville på sikt kunna opna vegen for at Island bytte ut den islandske krona med euroen.
Eg synest det er vanskeleg å forstå at ein ikkje eingong vil vita kva avtale ein kunne fått
Att med Liechtenstein
Det som skjer på Island, har òg noko å seia for Noreg.
Noreg, Island og Liechtenstein er i dag dei tre EØS-landa på EFTA-sida. Sveits er òg EFTA-medlem, men står utanfor EØS.
– Då ville Noreg sitja igjen i EØS saman med sin næraste allierte, fyrstedømet Liechtenstein.
Han skundar seg å leggja til at Liechtenstein er «ein veldig flott stad». Poenget hans er at Noreg har langt fleire samanfallande interesser med Island og dei andre nordiske landa.
Når Mathisen går frå jussen til si eiga vurdering av resultatet, undrar han seg over dei unge veljarane:
– Kor er ungdommens nysgjerrigheit? Vil dei verkeleg gå resten av livet utan å vita kva avtalen kunne ha vore?
På telefon i Reykjavík er Birgisdóttir mindre sikker på om saka er ferdig.
Dersom økonomien og kvardagen blir betre, trur ho folk kan konkludera med at Island ikkje trong EU. Dersom det ikkje skjer, kan spørsmålet venda tilbake.
– Då blir folk kanskje litt sånn: Hallo, me må snakka om EU igjen.