DEBATTANT: Tore Syvert Haga.

EØS trugar studentvelferden

Publisert Sist oppdatert

Dei siste vekene har dett gått føre seg ein debatt fram og tilbake i Universitas mellom Ungdom mot EU og Europeisk Ungdom. Bakgrunnen for debatten var eit oppslag Universitas hadde i september om at SATS har klaga Studentsamskipnadane inn for kontrollorganet ESA.

EØS er ei avtale mellom EU og Noreg som går ut på at det skal vera fri flyt av arbeidskraft, varer, tenester og kapital mellom landa. Noreg skal vera ein del av EU sin indre marknad, og fylja dei av EU-direktiva som omhandlar dette. Til å passa på avtala er kontrollorganet ESA satt.

Eit av problema med EU sin indre marknad er at reglane om fri konkurranse blir overførde til samfunnsfelt kor fri konkurranse kanskje ikkje er like velegna som fri konkurranse er til å produsera kol og stål. Eit anna problem er at det ikkje blir opp til folkevalde å avgjera kor grensene for den frie konkurransen skal gå, altså kva samfunnsarenaar som skal vera omfatta av han.

No kan det altså sjå ut som om kommersielle SATS kan bruka EØS som brekkstang til å svekka SiO sitt treningstilbod

Eit fleirtal av politikarane i dei fleste land, i kvart fall i Noreg, ser ut til å meina at universitetssektoren og studentvelferda ikkje er ein sektor som passar til fri konkurranse. Det er mellom anna difor me har SiO, som er ein samskipnad. SiO har eit slags monopol på kantinedrift, og tilbyr subsidierte treningstilbod til studentane. No kan det altså sjå ut som om kommersielle SATS kan bruka EØS som brekkstang til å svekka SiO sitt treningstilbod.

EØS har fleire gonger tidlegare grepe inn i universitetsrelevante sakar. Eit døme er strida rundt Kvinneprofessorata. Universitetet meinte at det var eit problem at berre 15 prosent av professorane var kvinner, og oppretta difor eigen professorat til kvalifiserte kvinner. Ein bitter mann mislikte dette, og klaga det inn for kontrollorganet ESA. Den bitre mannen (og ESA) meinte at kjønnskvotering streid mot den frie konkurransen. Noreg tapte saka, og måtte fjerna ordninga med kvinneprofessorat.

Ungdom mot EU har inga meining om kor vidt kvinneprofessorat er ei bra ordning, eller om SiO bør ha monopol. Men me meiner at desse spørsmåla bør avgjerast på demokratisk vis. Juristar i ESA eller dommarar i EFTA-domstolen må ikkje få ta styringa over dette, det må dei rette vedkommande i det norske politiske systemet, og universitetsdemokratiet, få gjera.

Powered by Labrador CMS