TETT PÅ: Hos isbit er avstanden mellom scene og publikum omtrent så liten som namnet deira er skrive.

Tre dagar, tre band og altfor mange høge menn

Tre kveldar på Herr Nilsen viste at fadderveka og jazzverda ikkje er så ulike.

Publisert Sist oppdatert

Whiskey og Red Bull smakar omtrent like ille som ein skulle tru. Likevel går blandinga rundt på eit faddervors på Vålerenga onsdag kveld, saman med polsk brennevin eg sjølv har bidrege med. 

Nokre timar seinare står Donkeyboy på scena på Oslomet. Det er varmt, trongt og høgt, og når konserten er over, skal fadderbarna og dei andre fadrane vidare på bar.

Eg skal på jazzkonsert.

Gjennom talentprogrammet til Oslo Jazzfestival får unge musikarar spela på baren Herr Nilsen. Eg skal sjå tre av banda på tre dagar: CC Dahls onsdag, Taraf torsdag og isbit fredag. Eg forlét fadderveka og går inn i jazzverda.

Riksmål og saksofonar

Femten minutt før CC Dahls skal på scena, sit eg ved eit bord saman med Kari og Merete, to damer i syttiåra eg aldri har møtt før. Herr Nilsen er mørk og tett, med små bord og veggar fulle av gamle jazzfoto og gulna avisutklipp. Den vesle scena ligg mellom murveggar, bada i lilla lys.

Kari fortel at ho ein gong tok eit journalistikkurs. Kvifor, når eller i kva samanheng kjem eg aldri fram til. Etter kvart byrjar ho å gjera narr av den jærske dialekten min.

– Skriv du på riksmål?

– Nei!

Svaret kjem så fort at Kari blir nøgd. Det er bra at nokon framleis held på språket, meiner ho.

SVETT START: CC Dahls opnar tre dagar med talentjazz. Etter første låt er skjortene sveitte og stolane tekne.

Eg går i baren medan dei passar på tinga mine og kjem tilbake med ein Frydenlund. Kari nikkar anerkjennande. Merete seier mindre. Ho drikk pils og tek ein ny snus kvar gong eg ser bort på henne.

Så kjem CC Dahls på scena: Andrea Schnell (21)  på saksofon, Jacob Tjernström (24)  på kontrabass og Jørgen Fiske (25) på trommer. Folk som har sete ute, trekkjer inn. Dei siste stolane forsvinn. Frå første tone er det vanskeleg å halda fast i trøyttleiken. Tjernström går laus på kontrabassen så hardt at eg lurar på kor lenge strengene held. Schnell bøyer seg inn i saksofonen, Fiske driv rytmen fram, og etter ein låt er alle tre sveitte. Det luktar røyk og sveitte. Bassen slår gjennom golvet og opp i kroppen.

Tre blir til fem

Til siste låt kjem to ekstra saksofonistar opp. Fem musikarar pressar lyd ut i eit rom som allereie er fullt. Saksofonbonanza.Når den siste tonen døyr ut, løftar Merete hovudet etter å ha duppa av i ei lita stund.

– Er det slutt no? spør Merete

Eg nikkar. Ved sida av sit Kari og hikkar ned i bordet.

– Lykke til med rapporten.

Eg veit framleis ikkje om Merete har forstått at eg er journalist.

Bak scena ventar eit lite rom, skilt frå baren med eit raudt gardin. På andre sida held praten fram, så me må lena oss mot kvarandre for å høyra. Bandet har enkelte punkt dei skal innom i låtane. Resten blir til medan dei spelar.

– Det er litt gøy, sidan ein aldri veit kva som skjer, seier Fiske.

Eg spør om dei held seg til CC Dahls, eller om dei spelar i andre band òg.

– Nei, nei, det går ikkje, seier Fiske.

Schnell ler.

No dinero. Ingen mat på bordet.

Pengar er eit ganske passande tema. Talentprogrammet er retta mot musikkstudentar i etableringsfasen. Dei får konsertar, meisterklasse og møte med folk i bransjen. Reise, opphald og mat blir dekte, men konsertane er ikkje honorerte.

Bro, du har ein stol

Torsdag er det nytt vors i Frognerparken. Eg er edruvakt. Det er bra for journalistikken og ganske dårleg for resten av fadderopplevinga. Etterpå held eg ut i rundt tre minutt på Brød & Sirkus før eg spring til Herr Nilsen. Eg kjem for seint og må stå, men finn ein plass med utsikt til scena.

Så reiser mannen framfor meg seg. Han er rundt 190 centimeter høg, liknar litt på artisten Sombr frå baksida og har fram til no sete på ein heilt utmerkt stol.

Bro.

Gjennom sprekkene rundt skuldrene hans får eg glimt av Taraf. Alessia Ardelean (22) syng, Hanna Kallestad (24) spelar fiolin, Colin Lilius Karlsen (22) på kontrabass og Simen Jakobsen Harstad (21) på gitar. Alle fire er studentar ved Norges musikkhøgskole. Dei spelar rumensk folkemusikk med røter i romani-tradisjonen.

Gitaren held musikken i rørsle, fela skjer gjennom resten av lydbiletet, og Ardelean står fremst og syng med heile kroppen. Ho kjem frå Romania og har vakse opp med musikken. Dei andre har nærma seg tradisjonen utanfrå.

FADDERVEKE: På bildet kan du skimte rosa fadder-t-skjorter.

Herr Nilsen lærar rumensk

Mot slutten skjer noko med rommet. Publikum byrjar å syngja med. Nokre kan tydelegvis dei rumenske orda. Andre klappar, ropar og heng seg på der dei klarar. Eg står framleis bak mannen som valde å reisa seg og skjønar ingenting av teksten.

Det viser seg seinare at eg ikkje er den einaste. Etter konserten endar eg bak det same raude gardinet. Taraf forklarer korleis dei nærmar seg ein tradisjon som berre Ardelean sjølv har vakse opp med.

– Me prøver å respektera tradisjonen, men me forskar litt. Me jazzer det mykje opp når me har soloar, seier Karlsen.

Han samanliknar det med å læra seg eit nytt språk.

– Så de veit ikkje alltid kva ho syng om?

– Nei.

Svaret kjem heilt udramatisk. For ti minutt sidan fekk dei eitt heilt rom i Oslo til å syngja med på rumensk. Det verkar ikkje som full forståing er eit krav.

Etter to kveldar har ordet jazz òg blitt mindre presist. På årets talentprogram står åtte band som spenner frå frijazz og akustisk jazz til neo-soul, pop og rumensk folkemusikk. Det dei har til felles, er ikkje først og fremst lyden. Dei er unge musikarar i ein fase der band, uttrykk og prosjekt framleis er i rørsle.

Fadderveka kjem inn døra

På fredag er eg ferdig. Ikkje med saka, berre med å fungera som menneske. Før konserten har me hatt journalympiske leikar i Frognerparken. Faddergruppa vår er lita, så òg fadrane må stilla. Eg har sprunge med potet og hoppa i sekk, og kjem til Herr Nilsen sveitt, trøytt og med eit par pils innabords.

Denne gongen har eg fått med ei venninne. Ho kjem ein halvtime før, men sitjeplassane er allereie borte, så ho held av ein ståplass framme. Då eg kjem, er lokalet fullt. Folk står skulder mot skulder mellom dei små borda. Så ser eg noko rosa i mengda.

Fadderskjorter frå Kristiania. Eg har brukt tre kveldar på å gå frå fadderveka til jazzfestivalen. No har fadderveka følgt etter.

På scena står isbit: Ellida Hol Meling (21) på vokal, Nathaniel Tveit Strømsvold (23) på synth, Herman Liene (23) på trompet, Hector Hammer (22) på gitar, Sondre Scheffler (21) på bass og Sofus Gauksås (21) på trommer. Trompeten ligg langt framme i lydbiletet. Liene står nesten ute blant publikum og sender tonane rett over hovuda på første rad, medan trommene og bassen driv vidare bak han. Folk står så nær scena at dei nesten kunne lent seg inn i bandet. Meling syng utan sko, og på den vesle flekken som er igjen mellom kroppane dansar folk. 

Så kjem endå ein høg mann. Denne gongen står han heldigvis ved sida av meg. Problemet er armhola hans, som fleire gonger kjem faretrugande nær ansiktet mitt. Etter tre kveldar på Herr Nilsen har eg lært at jazz kan lukta mykje. Det luktar jævleg.

isbit spelar nokre minutt over tida. Ingen ser ut til å ha noko imot det. Etterpå kjem bandet ned frå scena og blir slukt av publikum. Folk skal kjøpa merch, gratulera og prata, og eg prøver å finna eit tidspunkt der seks musikarar samtidig ikkje er opptekne.

Liten i, full kaos 

I full kaos får eg til slutt samla isbit rundt eit lite bord. Dei fortel at dei møttest gjennom studia på Musikkhøgskolen, og at Hammer tok initiativ til å samla gjengen.

Så må eg få avklart noko viktig.

– Det er altså isbit med liten i?

– Ja. Liten i, kjem det fram frå bandet.

Eg spør Meling korleis det var å spela for eit så fullt lokale.

– Det er veldig kjekt å spela der du får så mykje igjen, seier Meling.

Rundt oss står folk framleis igjen lenge etter at konserten er slutt. Når intervjuet omsider er ferdig, kjem me oss ut. Liene har lova å bevisa éin ting før me går: han kan ta backflip. Mobilar og kamera blir tekne fram. Me stiller oss rundt. 

Tre. To. Ein.

Han tek sats, kastar seg bakover og landar på beina.

Herman Liene gjør en baklengs salto foran Thon Hotel, mens Sofus Gauksås jubler.
BACKFLIP: Trompeten er lagt vekk, men Herman Liene er ikkje heilt ferdig med å opptre.

Tre dagar tidlegare sat eg på Vålerenga med whiskey og Red Bull og syntest det var litt trist å forlata faddergjengen for å gå aleine på jazzkonsert. No står eg utanfor Herr Nilsen og klappar for ein trompetist som nettopp har teke baklengs salto.

Inne står framleis dei rosa fadderskjortene. Eg kom meg visst aldri heilt ut av fadderveka.

Powered by Labrador CMS