I FOKUS: Kvar rørsle Jan Berthrand Danielsen gjer den siste travle halvtimen før filmframsyninga, vert fanga på film av Nadina Helen Bakos.

Cinema Neuf på film

Cinema Neuf syner ikkje berre film, no vert dei og fanga på film.

Publisert Sist oppdatert

– Hei, har du reservert billett?

Jan Berthrand Danielsen, leiar i Cinema Neuf, står i døra på Lillesalen søndag ettermiddag og slepp folk inn på gratis testvisning av filmen Fatso. Over skuldra hans heng Nadina Helen Bakos med eit kamera, og dokumenterer alt han gjer. Merete Grimeland prøver å få ein mikrofon til å fungere slik at dei kan få med lyden av det og.

– Det er noko gale med kontakten, seier ho, men får til slutt mikrofonen festa til Danielsen til å virke.

Køen utanfor salen er lang, og snart er det ikkje fleire billettar å dele ut. Stemninga er spent, og mange må gå skuffa heim. Alt vert fanga på film, og skal bli del av ein dokumentar om Cinema Neuf.

Det var etter ein dokumentar-workshop på Mediefabrikken at Merete Grimeland fann ut at ho ville lage dokumentar om Cinema Neuf. Masterstudenten i medievitskap hadde vore medlem i filmklubben på Det Norske Studentersamfund i eit halvt år og vorte pr-koordinator i styret.

– Eg var fascinert av energien folk brukte og arbeidet dei la ned for å få klubben til å gå rundt, og byrja lure på om det kunne vere utgangspunkt for ein dokumentar, seier ho.

Med Danielsen som utgangspunkt, syr ho og fotograf Nadina Helen Bakos no saman ein pilot for dokumentaren dei håpar å få filma ferdig fram mot neste sommar.

Hovudpersonen sjølv, leiar Danielsen, tek den høge kameraføringa med ro.

– Det er heilt greit. Det skapar jo merksemd rundt Cinema Neuf, og det er kjekt, seier han, og synest heilt avslappa med eit kameracrew i hælane.

Den lange køen utanfor alt ein time før visninga synte at den tidlegare frykta for at salen ikkje skulle verte fylt var totalt unødvendig.

– Eg er jo så glad i Cinema Neuf, og syns det er flott at salen vert fylt så raskt, men det hadde kanskje vore betre for dokumentaren sin del om dei måtte slite litt, seier Grimeland.

For til trass for sterke band til Cinema Neuf, er ho ikkje interessert i å lage noko glansbilete av klubben.

– Ein ekstern produsent under dokumentar-workshopen spurte om eg ikkje kunne lage ein reklamefilm for Cinema Neuf, men det vil eg ikkje fordi det er det personlige og styremedlemmene sin eigarskap til filmklubben som er interessant, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS