
Steinharde menn og følelsesmessig flukt
Moderne stoisisme lærer unge menn å undertrykke kjensler i staden for å forstå dei. Det gjer oss passive.
På Instagram, mellom Bombardillo Crocodilo og matvideoar, dukkar det opp noko: ein kar med sixpack, surt blikk og ei overtydande tekstlinje: «Be stoic. Feel nothing. Rise above your emotions.» Eg er lei. Ikkje fordi eg er nødvendigvis heilt ueinig i bodskapen, men fordi nok ein gong skal ein eller annan TikTok-filosof prøvde å lære meg at løysinga på alt var å bli mindre menneske.
Det ser ut som ein majoritet av unge på sosiale medium, særleg menn, driv med stoisisme. Ein slags moderne filosofi-light, servert som daglege affirmasjoner mellom treningsvideoar og notatappar: Don’t react. Control your mind. Never show weakness.
Og eg skjønner appellen. Verda kjennest kaotisk. Jobbutsiktene er vage, klimakrisa eskalerer, og framtida verkar meir flytande enn fast. Når alt verkar utanfor kontroll, er det freistande å vende blikket innover og søke struktur. Disiplin. Rammer. Men det vi i dag kallar stoisisme, er i realiteten noko heilt anna enn den filosofien som ein gong sprang fram i antikkens agora.
Klassisk stoisisme – slik ho blei formulert av Epiktet, Seneca og Marcus Aurelius – handla ikkje berre om følelsesmessig kontroll. Det var ei praktisk filosofi for rett liv, basert på fornuft, fellesskap, ansvar og moralsk integritet. Den stoiske vismannen skulle ikkje vere kald, men rettskaffen. Han skulle ikkje vere følelseslaus, men handle med dygd.
I dag er denne vismannen blitt forvandla til ein treningsguru med podkast. Den moderne stoikaren er sjølvforbetra, sjølvkontrollert og sjølvopptatt. Idealbiletet er ikkje lenger ein samfunnsengasjert borgar, men ein individorientert overlevande i eit system som ikkje bryr seg. Vi har tatt 2000 år gammal visdom og gjort det om til Red Bull for sjela.
Problemet er ikkje at unge menn les filosofi. Det er at dei les ein versjon som har blitt radikalt avkappa frå sitt etiske opphav. Når «ikkje la kjenslene kontrollere deg» blir tolka som «ikkje ha kjensler», lærer vi ikkje disiplin – vi lærer avstenging. Når «ikkje bekymre deg for det du ikkje kan kontrollere» blir til «ikkje bry deg», er vi ikkje blitt vise… vi er blitt apatiske.
Dette er ikkje filosofi, det er tilpassing. Og verst av alt: det er tilpassing til ein situasjon som burde blitt utfordra.
For denne typen stoisk sjølvhjelp lærer deg ikkje å endre verda, men ho lærer deg å halde ut i henne. Ikkje fordi det er rett, men fordi det er det einaste du får lære. Som om problemet ikkje er arbeidslivet, klimaet, helsesystemet eller ulikheita, men di eiga evne til å reagere for mykje.
I ein tid der kollektiv handling er sårt trengt fungerer den moderne stoisismen som ein brems. Det er ei ideologi for ro, ikkje for rettferd. Og det er ein grunn til at ho fell i god jord hos dei som tener på status quo.
For ein person som har lært at alt handlar om å «overvinne seg sjølv», kjem aldri til å kreve endring. Han kjem til å bli verande i jobben som tærer på han, i eit system som utnyttar han, med mantraet: Rise above it. Control your reaction. Det er berre følelsar.
Ein person som har lært at alt handlar om å «overvinne seg sjølv», kjem aldri til å kreve endring
Men sinne, frustrasjon og uro er ikkje svakheit. Dei er signal. Dei fortel oss at noko er feil. Og i staden for å kvele desse signala, burde vi lytte til dei. Vi treng ikkje fleire menn som undertrykkjer alt dei kjenner. Vi treng fleire som forstår kvifor dei kjenner det – og som tør å gjere noko med det. Moderne stoisisme kan vere ein start, men den kan ikkje vere målet. Den kan gi struktur i kaoset, ja, men vi må ikkje la den bli eit skjold mot kjensler eller kritisk refleksjon.
For det er ikkje du som er problemet, om du er sint, sliten eller redd. Problemet er at du har lært å handtere urett – i staden for å konfrontere ho.