Student i dag, forskar i morgon?

Publisert

To av fem vitskapleg tilsette går av med pensjon før 2015. Samtidig vil ungdomskulla i Noreg stige fram mot samme årstal. Korleis skal vi sikre at vi har nok forskarar og forelesarar i Kunnskapsnasjonen Noreg i framtida?

Regjeringa må for det første løyve midlar til fleire stipendiatar enn dei gjer i dag. Samtidig må dei rette opp kuttet i basisløyvingane til høgskular og universitet. Studentenes Landsforbund (StL) er glade for at regjeringa i budsjettet for 2008 har løyva midlar til 350 nye stipendiatstillingar, men Universitets- og høgskolerådet seier at desse stipendiatane er langt frå fullfinansierte. Dei reduserte økonomiske rammene har mellom anna ført til ein diskusjon rundt mindre rettleiingstid for doktorgradsstipendiatar.

Det er ikkje berre pengar som må til. I dag får norske studentar altfor sjeldan vite om og ta del i forskinga som foregår på høgskular og universitet. StL hadde i haust kampanjen «Husk Forskning», der vi ba vitskapleg tilsette om å stoppe denne smugforskinga. Men vi vil ikkje berre vite kva høgskulane og universiteta våre forskar på, vi vil delta i forskinga som skjer. Det går føre seg særs mange spanande forskingsprosjekt i Noreg, det er berre altfor få studentar som får vite om det.

Evalueringa av Kvalitetsreforma i høgare utdanning vart diskutert av Stortinget fredag 7. mars. Utdanningskomiteen på Tinget meiner det er «av avgjørende betydning, både for fremtidig rekruttering og innovasjon, at man skaper reelle møteplasser mellom studenter og forskere, og at studenter i større grad kan involveres i FoU.» (Frå utdanningskomiteens innstilling til Stortinget.) StL har lenge arbeidd for meir studentaktiv forsking, og er glade for å ha fått gehør for dette. Studentdeltaking i forsking betrar ikkje berre interessa og rekrutteringsgrunnlaget for forsking, det gjer også studentane betre i stand til å forstå faget sitt.

Stortinget har etter innspel frå StL lovfesta at høgskular og universitet har eit ansvar for å formidle prinsippet om faglig fridom til studentane. Men for å få vite kva slags etiske problemstillingar forskarar møter, må studentane også møte forskinga på nært hald, og ikkje berre få høre teoriar om akademisk fridom.

Viss tilstrekkeleg mange studentar skal få lyst til å bli forskarar, må også bachelorstudentane både få vite om og ha sjansen til å ta del i forskinga så tidleg som råd. Hjå altfor mange er det ei tradisjonell oppfatting av at forsking og forskingsinvolvering kun skal gjelde doktor- og masterstudentar. Denne haldninga står vonleg for fall.

Powered by Labrador CMS