Verkeleg dårleg gjort

Ambisjonane til Virkelig møtte åleine opp i studio, bokstavane og tonane låste seg inn på guterommet, røykte ei bønne, og snakka drit om eksen.

Publisert

Året var 2020 og bandet Virkelig hausta stor ros for tekstar med høg melankolsk faktor i albumet Lengsel blir til glemsel. Det er no 2023, og bandet har vore i bakvendtland – der alt går an – på spasertur i pandemi-rus med kjende frasar. Mogleg dei ikkje klarte å omstille seg før dei kom tilbake til røyndommen med For ung til å være trist – her burde nemleg alt vore ulovleg.
I eit coming of age-univers køyrer plata ned ein motorveg og gassar opp til ekstase. «Du blåste liv inn i livet mitt» er første låt, og har til til oppgåve å varsle det som dessverre viser seg å bli eit nordnorsk havari.

Strofen «Vi gikk ikke i veggen, vi fant bare ikke den rette døra» er ikkje den skarpaste formuleringa, men kan vitne om at bandet framleis siktar på å sanke ros for tekstane. Låta minner om opningslåta til ein mindre kjend dramaserie, og ein blir raskt usikker på kva motivet bak plata er.
Vokalist og tekstforfattar Tobias Aamodt sine ambisjonar for albumet har ankerfeste i pandemien, og vitnar om eit ønske om å kasta lys over det å vera ungt menneske i ei kriseramma verd. Resultatet dei sit igjen med, er 9 av 10 låtar som omhandlar forhold som har gått i grus.

Utstikkaren er låt nummer 8, «Alderstaksameter». Her tek Aamodt ein slapp finger på pulsen til samtida: /Æ er ikke redd for å dø, men æ har angst, har æ mista livet?/. Kanskje det næraste plata kjem intensjonen sin. Synd at eg måtte planta øyra inntil høgtalaren for å gjette teksten – for her var lyden skakkøyrd. Det einaste Virkelig får til, er å lemlesta eit velkjent lyrisk lure-triks. «Smi mens jernet er kaldt» er ei strofe frå låt nummer 6, «Promillekyss» på en tirsdag. Det er noko med å sjonglere på kjende frasar, som slepp fri lykkehormon hos lyttaren– og kan derfor resultere i meirsmak.

Problemet oppstår når lure-trikset er gjennomgåande under heile plata. Til slutt blir ein nøydde til å spørje seg sjølv kva det eigentleg betyr. /Jeg vil ikke ha eit minne for livet, men heller ha livet som minne/ fra låt nummer 5, Du trenger en venn. Meininga lét seg ikkje lett forklare, men det er mogleg han ønskjer seg at alt skal vere ekstase heile tida? Det blir for vagt, og kanskje for umode.

Så kjem vi til vokalistens usikre og bristeklare stemme, som utan feil sett neglene i øyregangane. Det er bittert, vokalen hadde ikkje trunge å maltraktera skiva. På tidlegare verk så var stemma mjukare og det var lagt på kor, slik at det harmoniske bestod. No fungerer stemma som siste dropen i begeret.
«Alt som er igjen får vi prøv og gløm», for å seia det med deira eigne ord.

Summa summarum kom det omtrent ingenting godt ut av pandemien; blant dei den kunstnariske renessansen dette albumet skulle visa til. Det fell meg inn som rart når eg høyrer på tidlegare album, at 2023-albumet er så lite Virkelig. For kva høyrde eg eigentleg på? Kanskje Coldplay som tok amfetamin med Moddi, før dei song ein ode til Halvdan Sivertsen? For ung til å vær trist lanseres 24. februar.

Powered by Labrador CMS