Vi spør
Maktkåte NSO
I vekas utgåve kan du lese om at NSO vil innlemme studentsamskipnaden i sin organisasjonsstruktur. Men no har NSO (litt sånn som Trump) byrja å peike på andre organisasjonar og seie: Dere er med oss. Om dere vil eller ei… Universitas har bedt om innsyn i dokument i kva andre organisasjonar som skal under strukturen til NSO, og Gud hjelpe, dei har store planar. Ikkje berre studentsamskipnaden, men også organisasjonar som har eksistert lenge utanfor studentbobla. Fotballforbundet, LO, Med Israel for Fred (MIFF), og aller, aller verst: Den Norske Turistforening. Det betyr at det er no Sigve Næss Røtvold som skal ta standpunkt om at Israel skal få spele fotball i Norge, og skal samtidig ha ansvar for å levere mat til DNT-hyttane i landet. Kva kjem til å skje? Røtvold er sikkert veldig opptatt, så vi i Vi Spør- redaksjonen tok kontakt med Fotballforbundet, trur vi.
– Hei! Jobbar du i Fotballforbundet?
– …. Hei.
– Gratulerer med at de no skal bli styrt av Sigve!
– Kven er det?
– Næss Røtvold. Du skal jo no vere under Norsk studentorganisasjon.
– Ehh … nei.
– Jo. Dere er nå under NSO i lag med fleire andre kule organisasjonar
– Hæ?
– Jo. Så no må G19-landslaget søkje midlar via NSO
– Kva er det? Eg trukkje det….
– Det blir jo spennande møter når LO og MIFF også skal vere med å bestemme.
– Eg trur ikkje det stemmer.
– Er du redd for at LO kjem til å krevje sekstimers kampdag?
– Altså, dette høyrest ut som satire.
– MIFF har meldt at dei ønskjer at turisthyttene no kan bli brukt av det israelske landslaget.
– Eg trur du har ringt feil.
– Nei. Trur du at det kan vere positivt for fotballen å bli samordna med studentpolitikk?
– Eg trur det er viktig å halde fokus på det sportslege.
– Men alt dette inneber altså at alle spelarane på U21-landslaget no må vere medlemmer i SAIH når det er bortekamp.
– Kva er SAIH?
– Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond. De betalar no semestaravgift til dei.
– Eg trur eg må leggje på.
– Vil du vurdere din posisjon som keeper når MIFF skal til Galdhøpiggen?
– ...Ikkje no, plis…
– Hadde det ikkje vore fint med å bruke VAR på Gaza?
– No legg eg på.
– Nei vent! Kva syns fotballforbundet om trappa foran Georg Sverdrups hus?
– *klikk*
– Takk for praten. Sjallabais…Vi snällast! eller VAR is over if you want it.