Quizen går si gravferd i møte

Publisert Sist oppdatert

Me er komne til året 2023, og den grufulle nye nasjonale læreplanen som vart starta innført i 2020 har no ramma dei fleste skular og fag i vårt kjære land. Ikkje la deg lure, dette er eit svik mot heile quiz-Noreg. Quizen blir myrda på open gate! Den nye læreplanen kan by på så mangt, blir me fortalt. Alt frå refleksjon over kva kunnskap er, til korleis ein kjem tvilsam informasjon i møte. Denne nye læreplanen skal vere eit svar på tider i endring, kor internettet og informasjon flyt om på eit mykje høgare nivå enn tidlegare. Korleis betre gjere det enn å lære våre kjære born å stille seg kritisk til, og med større forståing for, kva informasjon, nyhende, fakta, og vitskap er.

Den nye læreplanen har svikta quizkulturen – nei, han drep han.

Men det korkje lærarar eller politikarar diverre har bitt seg merke i, er det katastrofalt destruktive resultatet den nye læreplanen har for den framtidige norske quizkulturen. Quizen har starta si marsj mot eiga gravferd.

For sjølv om den gamle læreplanen frå 2006 blir sett på som utgått på dato – som sur mjølk – hadde den framleis sine styrker. Styrker som den nye læreplanen sørgjeleg ikkje når opp til. Faktakunnskap. For kor den utfasa læreplanen var ein konge på rå faktakunnskap, er den nye særs mangelfull og støttar seg heller på abstrakte ting som «tenking» og «refleksjon». Faktakunnskapen er ein kraftig undervurdert del av våre modnande liv som unge vaksne. For sjølv om det ikkje var så gøy å lære om barokken, Eufrat og Tigris, atom, og Ibsen, held det liv i quizen.

Men kva er eigentleg funksjonen til ein quiz? Jo den ernærer den sosiale samankomst, den sørger for at folk møtast ansikt til ansikt og pratar om krokete tema dei kan snevert om medan dei drikk. Kvar hen skal våre sosiale liv gå, om ein ikkje kan møtast over ein øl for å skryte eller bortskrive eigen faktakunnskap. Om ein ikkje kan dulte borti ein framand, forelske seg, gifte seg, få born, og føre menneskeheita vidare, kva då? Kva skjer med våre nettverk, våre relasjonar og vener? Og kva skal lokalet, baren, gjere om folket ikkje kjem på quiz, ikkje kjem for å drikke seg glade på øl? Det vil være ein katastrofe utan like, når tappen sakte sluttar å fylle ølglaset.

Dette er framtida me går i møte. Den nye læreplanen har svikta quizkulturen – nei: han drep han. For korleis skal ein i framtida lage gode spørsmål om dei nye generasjonane ikkje har lært seg god gammal fakta? Skal ein starta å laga reflekterande spørsmål om kunnskapens relative eksistens? Det vil bli eit mareritt å rette. Kvar er quizen på veg hen om me ikkje kan inkludere spørsmål som ‘kor mange stridsvogner var det i Tyskland i 1942 den 4. desember?’, kvar faktakunnskapen rår, og du kan raskt og enkelt hevde deg over dine likegyldige som ‘den som gjorde heimeleksa i 2. klasse’. Vil den nye generasjonen i det heile ønske å gå på quiz, om dei ikkje kan hevde at dei kan noko anna enn å ‘drøfte’?

Heider, ære og øl er på veg ut vindauge. Quizen går si gravferd i møte.

Powered by Labrador CMS