Klimapolitikk
Du grøne, glitrande bok
Eg veit allereie kva eg ønskjer meg til jul. At regjeringa sluttar å ignorere den triple planetære økokrisa.
I den nye boka Verden venter på oss formulerer klimaaktivist Jonas Kittelsen tydeleg korleis ei samla solidaritetsrørsle kan kjempe fram nødvendig handling mot den den triple planetære økokrisa. Denne tredoble krisa består både av ei klima-, natur- og forureiningskrise, der alle tre krisene saman tek livet av menneske kvar dag. Boka er nyttig lesestoff til vår nye klima- og miljøminister Sigrun Aasland (Ap), som tydelegvis har lagt sine gamle standpunkt om ein stans i oljeleiting på hylla.
Forrige veke la nemleg ferske kKlima-Aasland fram grøn bok, altså den årlege delen av statsbudsjettet som skildrar Noregs innsats for å nå sine lovfesta klimamål. I budsjettforslaget legg regjeringa opp til store kutt i nasjonale klimatiltak, som kutt i skogvern, den fossile vegbruksavgifta og ei nær halvering av støtta til Enova og energieffektivisering. Derimot aukar dei moglegheita for kjøp av klimakvotar frå utlandet i budsjettet. I staden for å omstille vår eigen økonomi, planlegg vi altså for å kjøpe oss til klimamåla våre.
Opptakta til den grøne bokframlegginga har heller ikkje vore særleg lovande, og starta med eit hårreisande sitat under Arendalsuka i år.
– Eg meiner at norske selskaper kan ta meir risiko og vere meir «leitekåte» enn dei er i dag, sa ein engasjert olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) til ein opphissa oljelobby, som var tungt representert under demokratifestivalen.
Vi har Olje-Aasland éin og to som held Noreg som gissel i oljealderen
Hans utsegner kjem samtidig som presset for å leite etter meir olje og gass i Barentshavet og Arktis intensiverast, sjølv om EU nyleg stadfesta sitt standpunkt om eit nei til meir olje og gass frå Arktis, til stor forarging for Olje-Aasland.
Samstundes har norsk olje og gass no ein unik sjanse til omstilling. I Sokkeldirektoratet sin ressursrapport for 2026 skildrast det korleis oljeproduksjonen er venta å avta mot slutten av 2020-talet. Løysinga deira på nedgangen er meir leiting og auka produksjon i både godt utforska og underutforska område. Denne profittdrivne «løysinga» er stikk i strid med all klimafagleg forsking. Seinast i september slo FN fast at vi ikkje vil nå det kritiske 1,5-gradersmålet, og bad verdas nasjonar innstendig om å omstille seg raskare vekk frå fossil energi.
Klimaendringane slår utover verda med full kraft. Det at vår region av verda er ein av dei mest skjerma frå dei mest ekstreme klimakatastrofane, kan kanskje forklare kvifor regjeringa viser ein så stor kognitiv dissonans mellom fakta og handling. Klima-Aasland, som tidlegare var leiar for miljøstiftelsen ZERO, starta sin nye jobb med eit smell. Ho erklærte at Noreg skal leite etter meir olje, før ho gav grønt lys til vidare dumping av opptil 4,5 millionar tonn gruveslam i Førdefjorden. Prinsippløysa hennar er symptomatisk for klimaignoransen som har etablert seg som det vanlege tilbodet frå regjeringa.
Det er altså sannsynleg at Noreg igjen vil skuffe på årets klimatoppmøte, som finn stad om ein knapp månad i Tyrkia. Viss klimaministeren tar turen, vil ho møte aktivistar frå det globale sør som er djupt urolege for økokrisa. Potensialet for fornybar omstilling er enormt, men rettferdig klimafinansiering manglar i stor grad. For dei hardast råka av klimakatastrofe, framstår nok Noreg som eit dobbeltmoralsk og gjerrig land, som nektar å regulere vår store olje- og gassektor og tviheld på vår store pengesekk, som vi har tent på bekostning av deira sviktande livsgrunnlag. Hykleriet er stadig meir openbert.
Undersøkingar viser at 80–89 % av befolkninga på jorda ønskjer fleire og sterkare klimatiltak no. Omstillinga som blir framstilt som radikal i Noreg er altså høgt etterspurd i resten av verda, medan vi har Olje-Aasland éin og to som held Noreg som gissel i oljealderen. Så kjære Aasland-ane, under mitt grøne, glitrande tre vil eg berre ha to ting til jul: ein slutt på tomme håpserklæringar og klimaignoranse og ein start på nødvendig og progressiv klimahandling.