"Ein times deltidsjobb stel heller ikkje fem minutt studietid, den stel ein time du kunne brukt på å engasjere deg innan ein studentorganisasjon, ein hobby, frivillig arbeid, politikk etc," skriv Peter Alsvåg.

Deltidsjobben er ikkje eit valt avbrekk

" Mange studentar jobbar ikkje for å få eit avbrekk, men fordi dei må," skriv Peter Alvsvåg i dette innlegget.

Publisert Sist oppdatert

Debattregler i Universitas

• Vil du få din mening på trykk i Universitas? Send innlegget ditt på e-post til debatt@universitas.no.

• Typiske innlegg er mellom 1500 og 2500 tegn, inkludert mellomrom.

• Lengre innlegg kan vurderes i noen tilfeller. Vi tar oss retten til å forkorte innlegg.

• Vi trykker ikke innlegg som har vært publisert i andre aviser, eller som er hatske og trakasserende

• Legg ved et breddebilde av deg selv i e-posten.

• Frist for innsending av innlegg til papiravisen er søndag kl. 17.

I forrige vekes Universitas kan ein lese om at det kan være godt [å jobbe deltid for å få eit avbrekk frå studia](aa). Å fokusere på studia heile tida er vel ikkje det kjekkaste, eller sunnaste, så det kan jo vere forståeleg. Men kvifor er det akkurat ein deltidsjobb som må være dette avbrekket?

Det er eit faktum per dags dato at studentar, spesielt i byar som Oslo, ikkje får nokk studiestøtte til å støtte eit liv som fulltidsstudent utan økonomiske midlar frå andre stadar. Under pandemien har dette vore spesielt tydeleg. Mange studentar jobbar ikkje for å få eit avbrekk, men fordi dei må. Dei jobbar fordi staten ikkje støtter opp med nok støtte til å klare seg igjennom studietida på studiestipend åleine. Deltidsjobb blir dermed ikkje eit avbrekk hos den spennande og relevante arbeidsgivaren, men eit nødvendig vonde for å få økonomien til å gå rundt.

Les også: "Hva driver du med?"

La studenten være student, jobb om du vil, men då med noko du ønsker – ikkje må.

Ein times deltidsjobb stel heller ikkje fem minutt studietid, den stel ein time du kunne brukt på å engasjere deg innan ein studentorganisasjon, ein hobby, frivillig arbeid, politikk etc. Studietida tilbyr mange spennande, utfordrande og utdjupande aktivitetar og arbeid du kan ta del i. Men om du må ta den deltidsjobben, og droppe dei spennande aktivitetane, fordi du ikkje har nokk pengar til å klare deg ut semesteret, så er ikkje det eit avbrekk frå studiet, det er meir jobb.

Kvifor er det akkurat ein deltidsjobb som må være dette avbrekket? Kvifor kan det ikkje være nettopp alle desse andre moglegheitene som studietida legg disponibelt for oss som studentar? La studenten være student, jobb om du vil, men då med noko du ønsker – ikkje må. Å gi studenten ein større moglegheit til å styrke studentlivet, gjennom meiningsfullt og utfyllande arbeid, burde være ein av dei største argumenta for økt studiestøtte. Gi studentane eit ordentleg avbrekk frå studie!

Les også: "UiO svikter sine kronisk syke studenter"

Powered by Labrador CMS