Kva faen er ein petit?

Debattredaktøren sa han gjerne ville ha ein petit på trykk. Eg sa ja. Det var dumt, for eg visste ikkje kva ein petit var.

Publisert

Greitt. Morosamt. Relaterbart. Poeng. Petit. Ferdig. Eg opnar dokumentet. Blink. Blink. Ingenting. PC: 19 prosent. På veggen: KOMMA MELLOM TO HEILSETNINGAR. På ein annan vegg: endå meir komma. Korrektursjefen har tapetsert redaksjonen med mine framtidige feil. Korsfest meg for helvete.

Eg spør redaksjonen om idear. Nynorsk! Eg skriv jo nynorsk, så eg kan skriva om nynorsk. Ekstremt originalt! Neste veke skriv August om å heita August. August, baksideredaktøren, har forresten heller ingen petitidé. Han har aldri forstått kva ein petit er. Ansvarleg redaktør prøver å forklara: Noko relaterbart, ikkje anbefaling, ikkje åtvaring, ikkje politikk, kanskje eit poeng, kanskje ikkje. Me nikkar. Ingen skjønar ein drit. Han slit med leiaren sjølv. Jævla flott. Redaksjonen går altså kjempebra.

Eg googlar «kva er ein petit». Eg les gamle petitar. Eg spør KI. Lite hjelp der òg. August har no lagt seg i massasjestolen. Faen ta han. Eg vil òg bli knadd til ein idé. Samtidig skal eg skriva ei sak til utanriks om Island, finna islandske kjelder og oppdaga at engelsken min i praksis er «Hi! European Union! Young people! Yes! Thank you so much!» Ein annan nyheitssak ventar. Eg har pitcha løk og kamodium i Mjøsa. Kamodium? Kadmium. KADMIUM. Korleis får ein studentperspektiv på kadmium? «Student åt løk, reagerer». Pulitzer.

Eg tek ein snus. Så ein til. Ingenting skjer. Eg byrjar å lura på om eg eigentleg vil bli journalist. Har eg valt feil utdanning? Helst eit yrke der kadmium berre får vera kadmium. Ny snus. Journalist igjen.

PC: 7 prosent. Red Bull. Chugg. Pant. Kven får eigentleg pantepengane frå fellesposen? Ny sak? Nei. Fokus. Petit. Teskt. Tekskt. TEKST. Kva er ein tekst? Kvifor må han ha struktur? Vinkel? Kva faen var vinkelen min her igjen?

Eg tek ti minutt i massasjestolen. Framleis journalist. Framleis ingen idé. PC: 3 prosent. Red Bull: tom. Snusboksen: kritisk. Kadmium: framleis kadmium. Komma: uavklart. Karriereval: mellombels vidareført.

Petit? Aner ikkje. Publiser faenskapet.

Powered by Labrador CMS