Skråblikk
Ei helg på studentkarneval:
– Alle blir cancelled
Kvart fjerde år forvandlast den vesle svenske byen Lund til eit einaste stort festivalområde. Universitas blei med på innsida av Lundakarnevalen. Sjølv om me ikkje heilt fekk lov.
Denne helga gjekk Lundakarnavalen av stabelen i Lund sør i Sverige. Trass i at det er studenter som planlegg, bygger og arrangerer, blir Lundakarnavalen omtala som verdas nest største frivillige arrangement, berre slått av dei olympiske leikar. I likskap med leikane, arrangeres også festivalen berre kvart fjerde år.
Festivalområdet i seg sjølv består av 36 telt med ulike leikar, barar som sel «karnevöl», seks scener med framsyninger til ei kvar tid, og til og med ein kino med karnevalens eigne spelefilm. Denne helga er festivalen forberedt på om lag ein halv million festivalgjengarar.
Tema denne gangen er «Celestialkarnevalen», og forventningane var himmelhøge. 8735 såkalla «karnevalister» sørga for at desse ambisjonane vart møtt.
Det største høydepunktet og den eldste tradisjonen i festivalen er tåget – som har vært ein tradisjon sidan festivalens oppstart i 1849. I år består toget av 20 store karnevalsvogner på lastebilar, 18 orkester og kreative innslag mellom vognene. Universitas får lov til å bli med og sjå på dei hemmelege førebuingane til toget.
– Alle blir jo cancelled
Eit stykke nord for brosteinsgatene i Lund sentrum besøkjer Universitas karnevalistane som er i gang med å ferdigstille karnevalsvognene dagen før avgang.
Til og med hit har kanselleringskulturen nådd til, skal ein tru jusstudenten Lisa Sjöberg (22). Under karnevalen er ho ansvarleg for vogna som har blitt døyptt «De slocknande stjärnorna».
Vogna byggjer på eit enkelt ordspel: Kjendisar er stjerner, og stjerner kan slokne. Her blir dei stilte for retten framfor dommarar i kvite parykkar. Formelt skal dommarane avgjere kven som blir cancelled og ikkje. I praksis er nåden knapp.
– Alle blir jo cancelled, legg Sjöberg til.
Den som får dommen, hamnar i det svarte holet – endestasjonen der kjendisstatusen døyr og stjernene sloknar for godt. I toget dagen etter dukkar også kronprinsesse Mette–Marit og sonen Marius Borg Høiby opp, vinkande frå balkongen til det svarte holet. I karnevalets univers er dommen allereie felt.
Filmstjerna
Ei stjerne som derimot ikkje har blitt kansellert i løpet av festivalen, er Julia Kjellgren Sten (23). Ho spelar hovudrolla i Lundakarnevalens eigen spelefilm, «Se upp!», som går på repeat inne på karnevalsområdets eigen kino og i tillegg blir vist på Lund Kino i byen.
Ho har spelt teater på folkehøgskule, men har ingen erfaring foran kamera før dette. Rolla har derimot gjort henne til eit kjent fjes i festivalmylderet.
– Hin dagen gjekk eg forbi kinoen i Lund, og tydelegvis hadde dei nettopp vist filmen. Folk peika og smilte, seire Sten.
– Eg smilte tilbake, men aller mest blei eg sjenert, innrømmer ho.
Inn i varmen
Sugen på å forstå desse festlegheitane betre, forsøker min svenske venn og karnevalist, David, å få meg med på det interne karnevalistområdet. Her foregår det indre karnevallivet. Også dagen før forsøkte me, utan hell.
Eg gjer dørvakta eit nikk, og denne gangen kjem eg meg mirakulaust inn. Vennen min legg strekk håndaflata si bak og mottek ein high five frå meg. Denne gleda varer heilt til me kjem rundt hjørnet, kor eg møter gårsdagens dørvakt.
Du skal ikkje vere her
– Du skal ikkje vere her. Nekta ikke eg deg inngang i går?
Det er vanskeleg for meg å lyge, men eg klarar å spele naiv. Eg forklarar at eg kjem frå norsk presse, og er ufatteleg nysgjerrig på karneval.
– Kan eg ikkje bidra litt? spør eg håpefullt.
Etter ein del diskusjon gjer dei det klinkande klart at eg ikkje har lov til å vere der. Karnivalistane står faktisk i kø i kulden i februar for å få vere del av festivalen. Visse teltar.
– Men kan du jobbe i serveringa her i internområdet ein time? Det hadde eigentleg passa oss veldig bra, seier den ansvarlege.
Skift frå 23 til 00
Og med det er eg inne i varmen. Adoptert som karnivalist. Eg har skift frå klokka 23 til 00. Enkelt arbeid. Til og med eg skulle få det til, ifølgje dei. Men eg får ikkje røype kvar eg kjem ifrå til nokon.
Det går ikkje lang tid før nokon spør meg om nettopp kvar eg kjem ifrå. Eg svarar på svensk at eg jobbar her i internområdet, og at eg har vakt om to timar. Det blir møtt med stor skepsis, spesielt ettersom «internområde» ikkje er ein seksjon ein faktisk blir tildelt som karnevalist.
Beklagar, kan du spørje på nytt på engelsk?
– Beklagar, kan du spørje på nytt på engelsk? Eg kjem frå Noreg, og forstår ikkje så mykje, seier eg på norsk på kav dialekt.
Og med det slepp eg unna, men berre såvidt.
Skiftet mitt går veldig fint. Eg byrjar med å ha ansvar for å registrera namn i den interne serveringa.
Problemet er berre at alle svenske namn i praksis er svenske feilstavningar av norske namn. Etter at eg blir omrokkert til løpegutt, forsvinn køen eg skapte omsider. Skiftet er meir enn godkjend, og eg forblir i internområdet ut natta.
Folkefest
I løpet av festivalen reknar arrangørane med at rundt ein halv million menneske er innom Lund. Til samanlikning bur det under 100.000 menneske i byen. For å få det til, trengst det meir enn studentar i kostyme og kreative idear.
– Vi har slått rekord. I år er vi fleire enn 8700 karnevalistar, kan karnevalgeneral Hugo Widell (25) meddela.
Karnevalistane jobbar med alt frå tog, servering og matlaging til logistikk, tryggleik og oppbygging av festivalområdet. Sjølv har Widell jobba fulltid med karnevalen sidan november 2024. I fjor vart han uteksaminert som lege.
Korleis får ein over 8700 studentar til å bruke fritida si på dette? For Widell handlar svaret om fellesskap.
– Det handlar om å få planleggje og gjennomføre fantastiske ting saman. Karnevalen er òg ein del av studentlivet som i særleg stor grad inviterer allmenta inn, seier han.
Og etter eitt og eit halvt år med planlegging, er det vanskeleg for karnevalgeneralen å skjule entusiasmen.
Eg går berre rundt og smiler
– Eg går berre rundt og smiler. Det går ikkje an å setje ord på kjensla av å ha planlagt så lenge, og så sjå alt samle seg på denne måten, seier Widell.
Lund blir Lund igjen
Idet eg gjer meg for helga har eg vore karnevalist, drukke karnevöl og kost meg tvers over.
Eg har skjønt kvifor Lundakarnevalen treng fire år på å bygge seg opp igjen. For det ligg eit ufatteleg arbeid bak å omgjera den lille studentbyen Lund til ein folkefest for ein halv million besøkande.
Så er det over. Festivalområdet skal bort, og Lund skal bli Lund igjen. Men om fire år kjem studentar til å stå i kø i februarkulda endå ein gang for å bli karnevalistar til neste Lundakarneval.