SKJERPE SEG: Overvektige blir kvar dag møtt med haldningar i samfunnet om å skjerpe seg, skriver Charlotte Førde Skomsøy.

Slutt å måle min BMI

32 prosent av landets studentar er overvektige. Ansatte i helsevesenet måler BMI og peikar på dårlege matvaner samt lite fysisk aktivitet. Kor mykje av skulda har systemet?

Publisert Sist oppdatert

Nokre veker tilbake besøkte eg fastlegen då eg otta meg over potensielle matallergiar som gjorde det vanskeleg å ete. Eg vifta med henda og peikte på buksa som i løpet av tre veker hadde gått frå å vere altfor liten til nesten for stor. Ein tur på badevekta seinare trykte legen på tastaturet og sa «men du har jo 29 i BMI. Det grensar til ekstrem overvekt».

Og så? Er det slik at det ikkje betyr noko når overvektige personar ufrivillig går ned i vekt grunna endringar i eigen helse? Er retten for ein grundig helsesjekk reservert dei tynne? Misforstå meg rett, og som eg sa til legen: Eg har inkje problem med å ta av litt, men når eg etterspør ei undersøking av mine smerter ved matinntak, ventar eg at vi fokuserer på nettopp det. Inviter meg gjerne til ein PT-time seinare!

Les også: "Bilen har ingen plass i Oslo"

Fedmen er ikkje berre den overvektige sitt problem.

Eg ønskjer å snakke om korleis vi som samfunn kan løyse ei så kompleks sak som at nesten 7 av 10 vaksne er kategorisert som overvektige, ifølge Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag frå 2018. Det startar på sett og vis med BMI. Denne formelen vart oppfunnen av akademikaren Adolphe Quetelet, best kjent for sitt sosiologiske arbeid med å måle eigenskapar som kunne presentere «den gjennomsnittlege mann». Han meinte at det matematiske gjennomsnittet av ein populasjon var idealet, og baserte BMI på måla til franske og skotske menn. Er det slik at ein formel utforma på 1800-talet, laga — av og for— kvite vesteuropearar, skal bestemme kven som er normale eller sunne i dag? Om det matematiske gjennomsnittet av ein populasjon faktisk er idealet og den store majoriteten av den same befolkninga er rekna som «overvektige», er det på tide å endre BMI-skalaen!

Les også: "Slutt å spørre meg hva jeg skal bli"

Tilrettelegg for eit samfunn der vi kan arbeide med overvekt utan sjenanse, tabu eller fingerpeiking.

Overvektige blir kvar dag møtt med haldningar i samfunnet om å skjerpe seg. Et mindre, tren meir. Sjå ein Tiktok-video om ein påverkar proppfull av botox som ber deg om å drive sjølvaksept. Dette, og ein låg BMI, verkar til å vere den magiske oppskrifta på det perfekte liv fylt av rikdom og skjønnheit. Eg tykkjer det er svært bekymringsfullt når også helsevesenet trakkar inn ei slik rolle. I artikkelen «— Veldig mange stempler tjukke menneske som dumme» frå Tidsskriftet Den Norske Legeforening blir det mellom anna vist til ei doktorgradavhandling som konkluderer at intensivsjukepleiarars fordommar ovanfor overvektige som «late og dårlegare menneske med låg viljestyrke», gjer det vanskeleg å utføre likeverdig behandling. Dette er i tråd med funn andre stader i helsevesenet. I artikkelen fortel også pasienten om møter med legar som meinte hennar fedme og andre helsevanskar enkelt kunne fiksast ved matregulering og fysisk aktivitet. Dette er ei ignorant og destruktiv haldning, og viser tydeleg diskriminering av overvektige.

Vi må sjå realiteten i våre haldningar, og om fedme som eit samfunnsproblem. Ifølge Shot-undersøkinga frå 2018 er 32 prosent av landets studentar overvektige. Dei er ikkje overvektige fordi dei er late. Tvert imot! Norske studentar jobbar meir ved sida av studiene enn eksempelvis danskane og svenskane, og Athletica sine treningssenter har jamnt over stigande medlemstal. Kvifor er det så mange i helsevesenet som feilar å sjå overvekt i samanheng med psykisk helse, økonomisk status, arv og miljø, når forskninga viser så tydelege funn på dette feltet? Eksempelvis rapporterte 45 prosent av landets studentar i 2021 å ha teikn på alvorlege psykiske lidingar i ein studie gjort av FHI. Psykisk helse kan koplast tett opp mot økonomi. I ein spiral av å ikkje ha råd til matvarene ein treng eller kunne bruke pengar på å vere med i fysiske aktivitetar, ligg ikkje einsemda og psykiske lidingar som eteforstyrringar, angst og depresjon så langt vekke. Dette er sjølvsagte faktorar i vår bekjempelse av fedme.

Fedmen er ikkje berre den overvektige sitt problem. Det er ein samfunnsproblematikk som gjeld over heile verda og som kostar oss svært mykje. Faktisk 68 milliardar kroner årleg ifølge avisa Dagens Medisin. Frå mitt eige møte på legekontoret gjekk eg med ei kjensle av å ha blitt merka med ein nådelaus merkelapp eg ikkje kjente meg igjen i. Buksane mine i storleik L kjentest brått kvelande, og eg undra meg over alle bukseberande i XL, XXL og XXXL som truleg møter fleire fedmefordommar enn eg anar. Eg vil oppfordre helsevesenet til å ta overvekt på alvor. Overfladiske svar på komplekse besvær er ikkje bærekraftig. Spør om bakgrunn, økonomi og mental helse. Tilrettelegg for eit samfunn der vi kan arbeide med overvekt utan sjenanse, tabu eller fingerpeiking. Det vil bli dyrt, men eit destruktivt system av fordommar og ugunstige løysingar vil over tid koste mykje meir.

Les også: "Utepils med bismak"

Powered by Labrador CMS