
Alvorleg karakterbrist
Bortfall av karakter er ei passande straff når studenten tek seg god tid med masteroppgåva. Det meiner leiande akademikarar.
Universitetet i Oslo (UiO) vurderer å setja ein pisk bak spegelen til treige masterstudentar. Studiedirektør Monica Bakken, seier til Morgenbladet at i framtida kan den som ikkje leverer i tide risikere å bli vurdert etter skalaen greidd/ikkje greidd, i staden for å få karakter. Slik lyder siste nytt frå stoppeklokkesamfunnet.
Når eg ser folk som må sveitte seg gjennom bacheloroppgåva seint i november, begynner ein svart jævel på den høgra skuldra mi å le rått
«Det er urettferdig for de studentene som faktisk klarer å levere på tiden», påstår tidlegare studiedekan ved Det humanistiske fakultet, Tor Egil Førland, i det same avisoppslaget. Ærleg tala. Når eg ser folk som må sveitte seg gjennom bacheloroppgåva seint i november, begynner ein svart jævel på den høgra skuldra mi å le rått. Det var godt å bli ferdig med den innleveringa der til første juni, ja.
Det kan elles vera mange grunnar til at ein student ikkje er havn med mastergraden etter dei fire tilmålte semestera. At studenten ikkje har vore arbeidsam nok, er sjølvsagt det første som fell universitetsleiinga inn. Men om så er, det er jo strengt tatt studenten sitt eige problem. Det er forresten heller inga meining i at sein innlevering av masteroppgåve skal straffe seg meir enn å stryke i eit 1000-emne. Det kan ein jo ta oppatt året etter, og få karakter i faget.
Ei anna viktig årsak er at studentane får seg relevant jobb. Sidan dette er ein stor del av motivasjonen for å gidde å starte på eit universitetsstudium i utgangspunktet, er det ei forståeleg løysing. Ein veit aldri kor lenge det blir til neste jobbtilbod, og takkar naturleg nok ja. Og ein skulle vel tru det var fint for UiO også, å kunne seia at folk som har gått her, faktisk greier å fø seg sjølv etterpå.
I tillegg er det nokon som vel å ta ei pause. Kanskje for å finne seg sjølv, dra på fjellvandring i Peru, misjonere i Ghana eller jakte bjørn i Canada. Eventuelt trengs eit avbrekk frå studia på grunn av tidkrevjande organisasjonsarbeid eller tillitsverv. Det å bli kompetent for arbeid og vaksenliv handlar om meir enn avlagte studiepoeng, og det bør UiO vera ved.
Og så er det enda ein ting. Nokon der ute har nemleg skumle hensikter om å levere ei masteroppgåva som er av akseptabel fagleg kvalitet. For dersom det ikkje fall nok snø i fjor, så må ein stakkars fysikkstudent rett og slett vente til neste år. Og trass i alt bør det vera ei opning for at den som skal undersøke ekteskapsritual i den siste Mohikanar-stamma har eit høve til å reise på feltarbeid. Kva meir er, UiO burde danse og klappe i hendene når slikt skjer. Den dagen gjennomstrøyming blir viktigare enn fagleg kvalitet, bør universitetet vurdere om det har prisa sjela si høgt nok.
Når Alma Mater oppfører seg som fandens oldemor er det kanskje på tide å søke tilflukt andre stader. Og det hadde vore fint å sleppe unna desse heslege betongblokkene snart. Lurer på om mastergraden skal avleggjast ein stad der universitetet syntes det er fint med studentar som er nysgjerrige på livet utanfor murane.