Den nye grasrota

Facebook og Twitter er ikkje berre kanalar for politikarane til å nå ut til studentane, men også for studentane til å nå inn til politikarane

Publisert Sist oppdatert

Då Arbeidarpartiet i juni lanserte ei valkampanje på nett der dei bad veljarane sei kva som bør vere viktige saker for Ap i neste stortingsperiode, gløymde dei å ta med forsking og høgre utdanning som eit av alternativa. Norsk Studentunion (NSU), Studentenes Landsforbund (StL) og Forskarforbundet tok dermed saken i eigne hender på Twitter. Etter éin dag med mobilisering vart forsking og høgre utdanning lagt til, og det vart eit av eksempla på nettbaserte aksjonar som har fått konkrete føljer.

Twitter er årets store vinnar blant sosiale media. Ei undersøking frå TNS Gallup syner at nettsamfunnet aukar med 400 prosent kvar månad, men er framleis svært lite – berre seks prosent av brukarane vitjar Twitter månadleg eller oftare. Dei tilsvarande tala for Facebook er 53 prosent. Twitter har 68 000 daglege brukarar i andre kvartal, til samanlikning har Facebook 1 156 000 daglege brukarar.

Også via Facebook har studentane kjørt kampanjar mot politikarane, til dømes slik som kravet om auka studiestøtte. I Facebook-gruppa «Økt stipend og lån til studentar!» er det til dømes dryge 28 000 medlemmar, og i gruppa «Studentkravet» (for auking av basisfinansiering, studiestøtte, og bygging av fleire studentbustadar) om lag 12 500 medlemmar. Begge dei nemnte gruppene er administrert blant anna av tidlegare leiarar i studentorganisasjonane NSU og StL. Desse har klart å sette studiestøtta på dagsordenen, og seks av partia (Venstre, Høgre, Krf, Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet) går no inn for kravet om elleve månaders studiestøtte.

Mange av dei studentoppretta gruppene er enda latterlig små. Til dømes gruppa «Bysykkel til Blindern!» er ei gruppe som har oppslutning blant Blindernstudentar, med om lag 200 medlemmer. Dersom fleire studentar hadde slutta opp om denne gruppa, kunne ein faktisk ha gjort ein forskjell. Sjå berre på kva ein fekk til med grandiosaen; no også utan paprika. På Facebook er det storleiken som tel, gjennomslagskrafta avheng av medlemsmassa.

Nettsamfunna har den fordelen at ein kan mobilisere mange folk på svært kort tid, og kan hevdast å vere den nye aksjonsforma i internettets gullalder. Aksjonering på Facebook er ei «billig» aksjonsform, enkelt og lite forpliktande. Det er talande at berre om lag 5 500 som faktisk har gått inn og signert oppropet på studentkravet.no, altså halvparten av medlemma i Facebook-gruppa. Og det er langt enklare å trykke på «godkjenn» når du får ein gruppeinvitasjon, enn å faktisk møte opp utanfor Stortinget med flyer og banner. Det er ikkje sikkert at ein har satt seg så godt inn i ein sak sjølv om ein er medlem i gruppe, men ein kan ikkje nekte på at dei store gruppene representerer meininga til ei stor gruppe av befolkninga. Aktivt engasjement på nettet bør fungere som eit supplement til den vanlege lobbyverksemda.

Politikarane kan ikkje lukke øyrene frå stemmene på internett.

Studentane må starte grupper for å promotere dei sakene ein er oppteken av, og så er det berre å spreie invitasjonar. Sosiale media er ikkje berre til for å legge ut festbilete og publisere ulike trivielle statusar om kva du driv med til ei kvar tid. Når politikarane er ute på veljarfrieri kan nettsamfunna vere ein nyttig kanal til å finne ut kva grasrota eigentleg er oppteken av. Politikarane kan ikkje lukke øyrene frå stemmene på internett. Det føreutset imidlertid også at studentane er flinke til å fremje sine standpunkt og meiningar gjennom denne kanalen.

Powered by Labrador CMS