Illustrasjon: Anders Nordmo Kvammen

Det akademiske frimod

Vitskapleg tilsette har av ein eller annan grunn fått det for seg at dei ikkje treng svare for nokon.

Publisert Sist oppdatert

«Det er uhørt å innføre en stemplingsurlogikk i vår sektor, hvor vi er vant til å håndtere vår akademiske frihet», seier professor Frode Nyeng ved Høgskolen i Sør-Trøndeleg (HiST) til Morgenbladet 19.desember. HiST har innført tidsregistrering for dei vitskapleg tilsette frå 1. januar, og bakgrunnen er merknader frå Riksrevisjonen om urettvise overtidsutbetalingar. HiST pålegg no dei vitskapleg tilsette å føre opp i eit digitalt Excel-skjema kor mange timar dei nyttar på å jobbe, på kontoret eller heime. Leiaren i lokallaget av Forskerforbundet forklarar til Morgenbladet at mange no fryktar for fridomen i arbeidssituasjonen.

At vitskapleg tilsette klagar over manglande fridom og tid til forskingsaktivitet er ikkje noko nytt. Universitas kunne i oktober presentere ei undersøking som Universitetet i Oslo (UiO) hadde gjort blant sine tilsette. Undersøkinga dokumenterte frustrasjon over tid som gjekk med til administrasjon i staden for vitskapleg verksemd, og dessutan at forskarane kunne tenkt seg langt mindre undervisningsplikt enn det dei har i dag. Urovekkjande mange professorar og amanuensisar ser med andre ord undervisningsdelen som ei stygg borthefte.

Forskarar likar ikkje å bli sett på plass av arbeidsgjevarane sine. Dei er heller ikkje så gira på å stille opp for studentane. Det er nedslåande lesing. Å vera tilsett ved eit universitet inneber, og må innebera, større fridom til å forme sin eigen arbeidssituasjon, enn mykje anna. Særleg gjeld dette forskinga. Det tyder likevel ikkje at ein aldri treng å svare for nokon. Eit tilsetjingstilhøve som gir rett til overtidsutbetalingar, må også gi ei tilsvarande plikt til dokumentasjon.

Logikken i den sterke uviljen er dessutan vanskeleg å få tak på. Dersom den reelle arbeidstida på HiST er nokolunde den same som UiO-tilsette oppgir at dei har, skulle det ikkje vera grunn til motstand i det heile, tvert om. I UiO si eiga undersøking svarar 61 prosent av dei spurde at dei jobbar mykje meir enn normal arbeidstid. Det skulle vel ingen skamme seg over. Eller tek dei tilsette i dag seg fridomar på ein slik måte at ingen av oss bør få vite om det?

Universitas tok våren 2008 kontakt med 21 institutt for å få vite kor mykje arbeidstid som vart nytta på undervisning. På det tidspunktet kunne berre seks av dei gi tilfredsstillande tilbakemeldingar, og fleire svarte at dei ikkje førte den type rekneskap i det heile. Det har altså ikkje vorte ført jamleg kontroll med at studentane får ta del i den vitskaplege kapasiteten ved universitet i det omfanget som dei har krav på. Tida er komen for å endre på dette.

Det kan ikkje vera berre studentmedia som stiller spørsmålsteikn ved om vitskapleg tilsette oppfyller undervisningsplikta si.

Det kan ikkje vera berre studentmedia som stiller spørsmålsteikn ved om vitskapleg tilsette oppfyller undervisningsplikta si. Det ansvaret bør også universitetsleiinga ta. Ordninga som no er innført ved HiST er kanskje eit døme på korleis dette kan gjennomførast på ein enkel måte i praksis. Motreaksjonane vil truleg vera dei same som på HiST. Men det finst grenser, sjølv for den akademiske fridomen. Først og fremst av omsyn til studentane.

Powered by Labrador CMS